Det kinesiske byggjefirmaet Broad Sustainable Building (BSB) meiner dei berre treng tre månader på å byggje verdas høgste bygning. Dei planlegg å sette opp ein 838 meter høg bygning med namnet Sky City i Changsha, hovedstaden i Hunan-provinsen, skriv CNN GO.
I dag er det Burj Khalifa i Dubai som held rekorden med sine 828 meter. Det tok meir enn fem år å byggje tårnet.
Ferdig i 2013
Sky City skal ha 220 etasjar og det blir spådd at bygginga vil koste fire milliardar RMB. Bygninga vil også overgå Shanghai Tower, som med sine 632 meter er den høgste i Kina.
BSB inngikk ein avtale med myndigheitene i Changsha førre veke, men ventar framleis på godkjenning frå Beijing, melder det statlege nyheitsbyrået Xinhua.
Direktør i BSB, Zhang Yue, uttalte til Xinhua at dei vil starte arbeidet med Sky City allereie i november i år, og at det vil stå ferdig i januar 2013. Dei har stor tru på at dei sentrale myndigheitene vil gje grønt lys til prosjektet.
LES:
30 etasjar på 360 timar
Det er ikkje heilt usannsynleg at selskapet får det til: I juni 2012 fullførte dei ei bygning med 15 etasjar på seks dagar, og i 2011 sette dei rett og slett opp eit hotell med 30 etasjar i løpet av 360 timar.
Dei står for ein ny teknologi, og lagar mesteparten av komponentane på fabrikkar på førehand. 95 prosent av Sky City vil vere prefabrikert før dei i det heile tatt byrjar å byggje.
Slik bygde BSB eit 30-etasjeshotell i løpet av 360 timar: