Hopp til innhold

Gruar seg til å synge opera

Det blir stjernespekka laurdagskveldar på NRK til hausten. Kjente norske artistar skal prøve seg i sjangrar dei ikkje meistrar frå før.

Deltakerne i Stjernekamp

Deltakarane i NRK sin nye laurdagssatsing, «Stjernekamp»: (F.v.) Mariann Thommassen, Sisi, Rein Alexander, Rita Eriksen, Alejandro Fuentes, Jenny Jensen, Nico-D, Anneli Drecker, Tuva Syvertsen og Tor Endresen.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Ti artistar, ti musikksjangrar og ti laurdagskveldar med direktesendt underhaldning.

Det er oppskrifta bak det norskutvikla konseptet «Stjernekamp», som kjem på NRK til hausten.

Alt kan skje når kjente norske artistar frå ei rekkje sjangrar skal prøve seg i alt frå opera til hiphop.

Og etter kjent oppskrift er det sjåarane som bestemmer kven som får gå vidare.

– Ikkje farleg å drite seg ut

Sjåarane kan glede seg til å sjå artistar «ute av sitt element» når det gjeld sjanger.

Alejandro Fuentes

Alejandro Fuentes.

Foto: Hege Bakken Riise / NRk

Rein Alexander

Rein Alexander.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK
– Eg gruar meg mest til å synge opera, seier Alejandro Fuentes.

Det gjer også dei fleste av dei andre artistane som skal vere med. Sett bort frå operasongaren Rein Alexander sjølvsagt.

– Det er moro at dei gruar seg til opera. Sjølv gruar eg meg til alt som er raskt og har mykje tekst, seier han.

Rein Alexander sa ja til å vere med før han fekk vite at reggae-prestasjonane hans skulle bli direktesendt.

– Eg har lært at det ikkje er så farleg å drite seg ut på TV. Det er berre å gi alt og håpe på å vere med så lenge som mogleg, seier han.

«Titans vs. titans»

Vibeke Sørlie, kjent frå mellom anna So You Think You Can Dance Norge, er kvinna bak ideen.

– Eg tenkte det hadde vore kult om Norge kunne vere avsendar av eit nytt konsept, som også kan slå an i utlandet, seier ho.

– Sendeflatene blir jo dominert av talentkonkurransar. Eg tenkte: «Eg vil sjå artistane og førebileta våre prøve seg på noko nytt, og vise oss korleis det skal gjerast», seier ho.

Men det blir ikkje berre ein artist på scena som syng ein sang, ifølgje Vibeke.

Det blir song, dans og show i eit visuelt storslagent direktesendt program.

(Saka held fram)

Mona B. Riise, Kåre Magnus Bergh og Ole Evenrud

Programleiar Kåre Magnus Bergh og dommarar Mona B. Riise og Ole Evenrud.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Møtes igjen

Kåre Magnus Bergh, Ole Evenrud og Alejandro Fuentes møtes igjen sju år etter at dei var del av ei anna songkonkuranse, nemleg «Idol».

– Det er sært å jobbe saman med dei igjen. Dei har ikkje forandra seg så mykje. I alle fall har dei ikkje blitt noko høgare, seier Kåre Magnus Bergh spøkefullt.

– Ja, eg fekk litt «flashback» i stad. «Der er dei igjen», liksom. På ein veldig positiv måte sjølvsagt, seier Alejandro Fuentes.

– Eg har blitt meir moden og veit kva det går i no. Så dette blir veldig spanande og moro, seier han.

Om Alejandro og dei andre klarar å synge opera får du sjå til hausten på NRK1.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad