Hopp til innhold

Ein million har sett filmane – no blir Knerten operafigur

Ni unge komponistar, 70 born og to trekvistar er noko av det som skal til når historia om «Lillebror og Knerten» får premiere som opera torsdag kveld.

Frå Lillebror og Knerten

Charlotte Walker som Vesla, Tara Tjemsland som Karoline, Teodor Benno Vaage som Lillebror og Anna Rosenlund som Knerten.

Foto: Erik Berg / Operaen

Knerten og Lillebror vann norske barnehjarte først gjennom Anne-Cath. Vestly sine bøker frå 1962 og utover. Dei siste åra har meir enn éin million sett dei tre filmane om Knerten, der Åsleik Engmark gir stemme til den populære pinnen.

Torgeir Rebolledo Pedersen er librettist, altså tekstforfattar, og har henta stoff frå fleire av historiene om Knerten i sitt arbeid med operaen om Knerten, der handlinga startar kvelden før Knerten og Karoline skal gifte seg.

Les: Knerten får en egen temapark

Musikk av ni komponiststudentar

Veronika Ski Berg

Veronika Ski Berg.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Musikken i «Lillebror og Knerten» er resultatet av eit samarbeid mellom Den Norske Opera & Ballett og Norges musikkhøgskole – sju unge komponiststudentar har skrive musikk, og ytterlegare to har omarbeidd musikken akustisk.

– Det har vore veldig gøy, fortel Veronika Ski Berg (21), som har skrive musikk til to scener i operaen – i samarbeid med librettisten, rettleiarar og dei andre komponistane:

– Vi har vist arbeida våre til kvarandre undervegs, og blitt påverka av kvarandre. Det har nok vore lurt med tanke på heilskapen i operaen.

Komponisten meiner musikken ho har skrive til operaen ikkje er veldig annleis enn den ho skriv elles, men tilpasning til borna har likevel vore eit viktig element i arbeidet:

– Det må vere morosamt og forteljande, på ein måte som gir meining for born og understrekar innhaldet i teksten, til dømes viktige spøkar. Vi må dessutan tenkje på borna både på scenen og i salen – viss borna på scenen synest det er morosamt, vil borna i salen også synest det.

Tara Tjemsland og Anna Rosenlund som Karoline og Knerten

Tara Tjemsland og Anna Rosenlund som Karoline og Knerten.

Foto: Erik Berg / Operaen

– Utfordrande å synge, men kul å høyre på

Tara Tjemsland (13) er ein av dei to som skal gi Karoline kjøt, blod og stemme dei komande dagane – alle hovudrollene vekslar mellom to songarar.

– Musikken er utfordrande å synge, men kul å høyre på! seier ho.

Knerten og Karoline kjem på scenen i vanleg pinneformat, men snikkaren, ein av svært få vaksne personar i operaen, gjer dei om til store dokker. Tara får dermed nokre ekstra utfordringar oppå det songmessige:

– Det er vanskeleg å styre dokka, den kan vere vrien. Det er også utfordrande å spele Karoline, ho likar merksemd, og det er eg ikkje vant med. Eg prøver å vere ein skikkeleg diva, jålar meg til og lever meg inn i rolla så godt eg kan.

Knerten og Karoline er ikkje dei einaste trefigurane i operaen – barnekoret utgjer ein heil skog av furu- og bjørketre.

– Tre er jo ganske livlause ting, så kroppsrørslene er det vanskelegaste – ein må vere minst mogleg menneskeleg og likevel ein karakter, seier Ingrid Dissen (16), som spelar ung bjørk.

Sjå video frå prøvene til «Lillebror og Knerten»:

Video d7bdbcf1-5fd7-40bc-9950-af27aba9a52e.jpg

Charlotte Walker

Charlotte Walker spelar Vesla.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Teodor Benno Vaage

Teodor Benno Vaage.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Kjem til å gå her til tida mi er omme

Alle borna i førestellinga er med i Operaens barnekor, og nokre av dei er nesten for veteranar å rekne. Charlotte Walker (12) har halde på med opera i fem år, og har rolla som Karolines venninne Vesla i «Lillebror og Knerten».

– Det er kjempegøy, og koreografien er det mest morosame – i starten av operaen skal vi leike nesten heile tida, og i bryllaupet må vi vere veldig glade.

Ho har ingen planar om å slutte med opera:

– Eg trur eg kjem til å satse på musikklinja, og kjem til å gå her til tida mi er omme.

– Eg trur kanskje eg er den som syng mest, seier Teodor Benno Vaage (10), som syng rolla som Lillebror. Han er godt førebudd til premieren torsdag:

– Alt er gøy, men det gøyaste er å spele førestellingar. Eg blir nervøs når det er mange eg kjenner som ser på, så eg må late som om det er på ordentleg, og ikkje sjå på publikum. Men vi har øvd mykje, så eg synest eg får det til ganske godt no!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober