Hopp til innhold

– Heilt uakseptabelt!

–«…this incident is totally unacceptable!» Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas kritiserer aserbajdsjanske styresmakter i harde ordelag i brevet som går frå NRK til Aserbajdsjans ambassade i Stockholm.

Amir Asgharnejad som reporteren Bijan.

Amir Asgharnejad som reporteren Bijan i Baku. Aserbajdsjansk politi tok ikkje humoren.

Han påpeiker at trakasseringa som P3s Amir Asgharnejad blei utsett for både er brot på menneskerettane og dei løftene aserbajdsjanske styresmakter ga før ESC.

Let me, Your Excellency; clearly say that this incident is totally unacceptable! Prior to the event in Baku we were assured that working conditions for journalists should be good, and that media were to work freely. What happened to our staff-members being a clear example of so not being the case. (...)

The incident at Baku Airport on Friday May 25th is one that clearly not fulfills the intention with the working conditions for journalists, nor being respect towards human rights. On behalf of the NRK I am expecting your explanation and apologies.

P3-komikaren blei halde igjen på flyplassen i Baku der politiet der han blei utsett for overgrep og drapstruslar.

– Ikkje akseptabel

– I brevet gjer vi det klart at denne oppførselen ikkje er akseptabel, og at vi forventar både ei unnskulding og ei forklaring. Vi fekk klare forsikringar før ESC om at slikt ikkje skulle skje, seier kommunikasjonsdirektør i NRK, Tommy Hansen.

NRK har kontinuerleg kontakt med EBU (European Broadcasting Union) og NRK vil også sende brev til EBU.

– Vi ventar og ser kva dei aserbajdsjanske styresmaktene svarer før vi sender brev til EBU, forklarer Hansen. NRK overlét eventuelle sanksjonar til EBU.

Utanriksdepartementet engasjerer seg

Også UD ser alvorleg på saka og den norske ambassadøren i Baku var i går møte med aserbajdsjanske styresmakter.

ESC-ansvarleg i EBU, Jon Ola Sand, seier dei ser svært alvorleg på saka.

– Vi har kontakta både vertskringkastar og dei ansvarlege for sikkerheit på flyplassen. Dei siste seier at Asgharnejad berre vart teken til side i sju minutt. Derfor har vi bedt om å få videoopptaka frå overvakingskameraa frå flyplassen, fortel han.

Går greitt

Teamet frå P3 har fått og får oppfølging frå NRK, fortel Hansen. - Det er viktig at dei føler at dei har NRK i ryggen og at dei får den hjelpa og støtta dei har behov for.

– Korleis går det med dei?

– Dei har fått sove litt og slappa av, og vore ein del saman. No uttrykker dei at dei har det fint.

- Får denne episoden følgjer for korleis ein gjer ting i NRK?

– Vi skal evaluere og det er heilt sikkert lærdommar å trekke, men vi følgde dei rutinane vi har. Det er det aserbajdsjanske politiet som må rydde i sine rutinar, seier Hansen.

Se Asgharnejad fortelle i Kveldsnytt:

Video Amir Asgharnejad i Kveldsnytt

Amir Asgharnejad i Kveldsnytt

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.