Hopp til innhold

Myntbløff er avslørt

Desse myntane skulle bevisa kontakt mellom Noreg og Romarriket. No viser det seg at myntane er planta.

– Ei merkeleg form for humor, seier utstillar.

Romermynter

Desse bronsemyntane frå Romerriket skapa oppsikt då dei vart funne i Akershus i fjor. No viser det seg at dei er planta.

Foto: Kjartan Fønstelien

– Dette er veldig trist, seier Kjartan Fønstelien i Akershus fylkeskommune. Han viser fram bronsemyntane som er stilt ut ved Son Kystkultursenter i Akershus.

Fønstelien er ansvarleg for utstillinga av dei nesten 1700 år gamle bronsemyntane, som vart funne i jorda ved ein gard i Akershus i fjor.

Myntfunnet vakte oppsikt, sidan dei stamma frå Romarriket. Det kunne indikera at det hadde vore kontakt mellom Noreg og romarane. Funnet skapa hovudbry for forskarane.

Per Inge Torkelsen

Per Inge Torkelsen starta si komikarkarriere med å planta myntar som 15-åring.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Hadde dette vore eit funn ved ein elvebreidd i Tyskland, hadde me ikkje stussa eit sekund. Men me skjønner ikkje korleis desse har enda opp i Noreg, sa Håkon Ingvaldsen ved Kulturhistorisk museum til NRK, då myntane vart funne.

«I beste fall hærverk»

Kjartan Fønstelien

Utstillar Kjartan Fønstelien anar ikkje kvifor nokon vel å planta historiske myntar.

Foto: Akershus fylkeskommune
Håkon Ingvaldsen

Håkon Ingvaldsen er skuffa over at folk prøver å forfalska historia.

Foto: Ida Kvittingen / NRK

No viser nye undersøkingar at myntane ikkje har lege i jorda i hundrevis av år.

– Det er openbart at nokon har planta myntane i jordhaugane. Det er kanskje uttrykk for ein merkeleg form for humor. Me anar ikkje kvifor myntane er planta, seier Kjartan Fønstelien.

Han seier Akershus fylkeskommune vurderer å melda saka til politiet.

– Dette er i beste fall hærverk på offentleg eigedom, og forkludring av arkeologisk materiale.

Kan vera spøkefuglar

Det er ikkje første gong nokon prøver å forfalska historia. I 1968 gjorde 15-årige Per Inge Torkelsen seg bemerka med å planta kinesiske myntar i eit utgravingsfelt i Stavanger. Saka førde til presseoppslag over heile verda, fram til Torkelsen, plaga av dårleg samvit, kontakta pressa for å fortelja sanninga.

– I nokre tilfelle er det snakk om ungdommelege spøkefuglar, andre gongar er det medvitne forsøk på å stansa utbyggingar, seier Håkon Ingvaldsen, myntekspert og arkeolog ved Kulturhistorisk museum.

Han fatta tidleg mistanke ved myntfunnet, og fekk dei undersøkt.

– Undersøkingar viser at det er veldig lite sannsynleg at myntane har lege i same jordsmonn i fleire hundre år. Eg trur dei er planta fordi dei opptrer samla på eit svært lite område, seier Ingvaldsen.

Hør intervjuet med Håkon Ingvaldsen her:

Myntane vart funne under publikumsdagane ved Follo museum, der publikum fekk sjansen til å leita etter skjulte skattar i jorda.

– Det byrja å trilla ut romerske myntar då skuleborn fekk prøva å sålda jorda. Forfalskinga er nok skuffande for dei som var med på publikumsdagane. Dessutan er dette forfalsking av vår forhistorie, det ser me alvorleg på, seier Ingvaldsen.

Lurte NRK

Myntane vart omtala i NRK-programmet «Norske Røtter». Arkeologane mistenkte alt då at myntane var forfalska, utan at NRK fekk vete det.

– Det er veldig kjedeleg at myntane viser seg å vera forfalska. Det er ikkje inntrykket me gjev i programmet. Hadde me visst dette, hadde me ikkje teke historia om myntane med i episoden, seier Ole Egil Størkson, prosjektleiar for NRK-serien.

Håkon Ingvalsen tilbakeviser kritikken.

– Både «Norske Røtter» og me arkeologar tok reservasjonar i episoden, sidan me var tidleg i prosessen, seier Ingvaldsen.

Høyr reportasjen om myntbløffen her:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)