Hopp til innhold

«Skrik» på hemmeleg rundtur

Auksjonshuset Sotheby's sendte «Skrik» på ein «Top Secret»-tur verda rundt før auksjonen.

skrik sothebys new york

Evard Munchs «Skrik» heng på pressevisning i New York.

Foto: Ugo Fermariello / NRK

Auksjonshuset Sotheby's sendte «Skrik» på ein hemmeleg rundtur før det skal seljast på auksjon 2 mai.

Moglege kjøparar av «Skrik» fekk prøvesjå biletet i lag med sine samlingar. Alt for å lokke dei til å by mest mogleg.

Simon Shaw

Simon Shaw, leiar av impresjonistavddelinga ved Sotheby's framfor dei andre Munch-måleria.

Foto: Ugo Fermariello / NRK

I dag vart biletet hengt opp for pressevisning i Sotheby's auksjonslokale i New York.

– Eg har aldri opplevd maken til medieinteresse, seier Simon Shaw, som er auksjonsansvarleg ved Sotheby's.

30–40 journalistar frå alle verdas hjørner var på plass for å sjå verket med eigne auge då pressevisning opna. Og talet auka oppmot hundre utover dagen.

Norsk presse var godt representert, men også amerikanske og japanske TV-stasjonar flokka til pressevisninga, samt mange aviser.

I ein mørk krok

Skrik Sotheby's

Sikkerheitsvakter passer på «Skrik».

Foto: Jon Gelius / NRK

To sikekrheitsvakter vaktar biletet til alle tider. Det heng bak ei glasplate, i eit koksgrått rom, med eit spotlys rett på seg. Rundt er det sett opp togsperringar.

Det nærmaste ein kjem «Skrik» er to meter.

– «Skrik» er eit så kjent og ikonisk bilete at det trekk ein forrykande merksemd, seier Simon Shaw.

Avtale

Prisantydninga for «Skrik» er 80 millionar amerikanske dollar, altså meir enn 460 millionar kroner.

Ifølgje Wall Street Journal har seljar Petter Olsen inngått ein avtale med Sotheby’s. Han blir sikra ein minimumspris mot at dei får ein høgare prosent av salet.

– Eg er veldig spent på kor mykje det kjem til å gå for. Det er umogleg å seie på førehand. Det kan fort gå for meir enn antyda, seier Shaw.

I tillegg til «Skrik» skal fem andre Munch-bilete under hammaren i mai.

«Såmannen» har ein prisantydning på 2–3 millionar USD. «Kvinner som speiler seg» 5–7 millionar USD. «Klestørk i Åsgårdstrand» 2–3 millionar USD. «Sommernatt» 2,5-3,5 millionar USD, og «Natt i St-Claude» er venta å gå for mellom 1,5 og 2 millionar USD.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)