Det er forretningsmann og milliardær Petter Olsen som sel biletet. Han har arva «Skrik» frå far sin, Thomas Olsen, som var ven med Edvard Munch.
– Eg har levd med dette biletet heile livet, og energien og styrken til dette mesterverket har berre auka med tida, skriv Petter Olsen i ei pressemelding.
Biletet, som er ein pastell, er ein av fire versjonar av «Skrik». Det er den einaste utgåva som ikkje er eigd av eit norsk museum.
Auksjonshuset Sotheby's ventar å få minst 80 millionar dollar for verket.
Det tilsvarar rundt 450 millionar kroner.
Auksjonen finn stad i New York 2. mai i år, skriv Sotheby's i ei pressemelding.
Auksjonshuset samanliknar «Skrik» med maleriet «Mona Lisa», som eit ikonisk og lett gjenkjenneleg bilete innan både kunst og populærkultur.
Edvard Munch laga biletet i 1895, inspirert av ein gåtur på Ekebergsåsen i Oslo. Biletet skal symbolisera Munch sitt «skrik gjennom naturen».
Petter Olsen opplyser i pressemeldinga at inntekter frå salet vil gå til å etablera eit Munch-galleri på Ramme Gård på Hvitsten i Akershus.
Museet skal opna neste år i forbinding med Edvard Munch sitt 150 årsjubileum.