Hopp til innhold

Valde Oslo Fashion Week fordi den er mot bruk av pels

Den peruanske designaren Genaro Rivas valde å vise sin nye kolleksjon på Oslo Fashion Week, fordi moteveka tek avstand frå pels.

Oslo Fashion Week Rivas

Genaro Rivas under sin visning på Oslo Fashion Week.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

– For meg var det ei utfordring å lage ein kolleksjon til eit kaldt land, der ein kanskje vanlegvis tyr til pels. Oppgåva mi vart å bevise at ull kan ha same effekt som pels, utan at ein treng å skade dyr, seier Genaro Rivas (23).

Den unge designaren frå Peru er motstandar av pels og valde å legge den internasjonale debuten for sin nye kolleksjon til Oslo Fashion Week fordi moteveka er uttalt mot bruk av pels.

– Eg ville rette meg inn mot den Skandinaviske marknaden og hadde høyrt at her hadde dei ein klar politikk mot pels. Difor falt valet på Oslo, seier Rivas.

Genaro Rivas

GENARO RIVAS: Den unge designaren frå Peru, før motevisning på Oslo Fashion Week.

Foto: Agnese Bremere / NRK

«Mote mot pels»

Det var motejournalist Hilde Marstrander og designarane Kjell Nordström og Fam Irvoll som tok initiativet til å samle mote-Norge under slagordet «Den norske motebransjen seier nei takk til pels!»

Dei fekk Oslo Fashion Week med seg på laget og sidan 2010 har moteveka hatt eit klart «nei»-standpunkt til pels.

Anikken Vear, prosjektleiar i Oslo Fashion Week, seier dei har fått positive tilbakemeldingar frå både inn- og utland.

– I og med at Norge er eit kaldt land, så forsterkar me bodskapen. Ein treng ein ikkje bruke pels sjølv om det er kaldt, seier Vear.

– Er dykk ikkje redde for å ekskludere dei som er for pelsbruk?

– Om ein vil ytre ei meining eller ein verdi, så er det ikkje alle som kjem til å like det og det må me godta og leve med, seier ho.

Over 200 motedesignarar, fotografar, stylistar, journalistar og modellar har skrevet under på kampanjen mot pels.

Genaro Rivas Oslo Fashion Week

Fra visningen av Genaro Rivas kolleksjonen under mandagens åpning av Oslo Fashion Week.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Bruker eksklusiv ull

I kolleksjonen «Empire of the Sun» bruker Genaro Rivas verdas mest eksklusive ull, vicuña. Denne ulla held varmen svært godt. Ein har ikkje bruk for pels, meiner designaren.

– For nokon er det viktig at mote er eksklusivt og dyrt, så om ein fortel folk at dei har på seg vicuña, det finaste og mest eksklusive fiber i verda, så blir dei glade og får eit alternativ til pels. «Friendly luxury fashion», seier Rivas.

Han meiner ulla gir den same varme og mjuke kjensla ein får av pels. Denne type ull held deg også sval når det er varmt fortel han.

«Sesongens debutant»

Nye designarar som søkjer seg til Oslo Fashion Week, blir vurderte til tittelen «sesongens debutant». I år falt valet på Genaro Rivas.

– Me ser etter moteteft eller ny vri i snitt og materialar, eller dei som har tenkt utanfor boksen. Elles går me etter magekjensla om me trur me har funne eit stort talent, seier Vear.

At pelsmotstand var hovudgrunnen til at Rivas ville ha visning i Norge, fann dei ut etter at dei hadde valt han.

Ung og lovande

I 2009 utnemnde Latin-Amerikanske Vogue Genaro Rivas til «Peru sitt nye talent», og han har rokke å jobbe med songaren Beyoncé.

– Ja, eg har måla hennar, seier Rivas spøkefult.

Han har klare visjonar for kva han vil oppnå i tillegg til å vere pelsmotstandar.

– Eg vil gjerne at land som har ein godt utvikla moteindustri ser mot land som mitt, der moteindustrien ikkje er så utvikla, og omvendt. Eg trur me kan lære av kvarandre, seier Genaro Rivas.

Oslo Fashion Week blir heldt frå 6. til 11. februar. Programmet for moteveka finn du her.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.