Dette skjedde i kulturåret 2011
Nerdrum, Munch, «kulturkjerringar», Bokskya og «Mitt lille land» er blant det vi vil hugse frå kultur- og debattåret som gjekk.
Publisert 30.12.2011 18:09.
- Kommentarer
- Skriv ut
Eit år er forbi og NRK Kulturnytts årspanel tar på seg oppdraget med å oppsummere høgde- og lågpunkta. Panelet består av Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende, forfattar Arne Berggren og Karl-Fredrik Tangen, samfunnsgeograf- og høgskulelektor ved Oslo markedshøyskole.
HØYR ÅRSPANELET DISKUTERE:
Hetsa «kulturkjerringar»
Mange har brukt seinvinteren og året vidare på å more eller gremme seg over fenomenet «kulturkjerringar». Det starta då forfattar Tomas Espedal i eit innlegg i Bergens Tidende åtvara Bergen mot å skaffe seg eit litteraturhus - fordi det kom til å bli fylt av middelaldrande kvinner med lilla skjerf- og likså godt kunne kallast «eit horehus».
– Om alle mine lesarar var kvinner i 50-åra, ville eg slutte å skrive på dagen, sa Espedal i debatt med Anders Heger i Dagsnytt 18.
SJÅ DEBATTEN:
Espedal og Heger om kulturmenneske
Seinare prøvde Espedal å bortforklare dette, noko som i romjula vart kåra til «årets bortforklaring».

Karl-Fredrik Tangen, samfunnsgeograf og høgskulelektor ved Oslo markedshøyskole.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn/SCANPIXSandvik: – Vi presenterte kulturkjerringa i BT på julaftan, og gjekk statistisk til verk. Ho er svært viktig for kulturen. Vi ville rehabilitere henne, men også seie noko om kva dette er.
Tangen: – Du skal på eit vis ikkje snakke om marknaden når du er forfattar. Og så er det eit hierarki i kulturlivet. Den som er på toppen må distansere seg frå dei som er under, og dei som er under vil kome inn i varmen. Difor kjem slike bokbad og forfattartreff, og det syns forfattarane er litt vanskeleg.
Berggren: – Vi elskar jo desse «kulturkjerringane», kvinnene som kjem for å sjå ein mannleg forfattar. Å dra rundt og lese på bibliotek og berre sjå menn der hadde jo vore gørrkjedeleg.
Bokskya eller «Boktåka»?
I april vart Bokskya lansert. Den skulle vere ein nyttig reiskap for å lese bøker elektronisk. Men tenesta fekk massiv kritikk, og det lite flatterande økenamnet «Boktåka». Bloggarar kalla tenesta «Verre enn ingenting». Forbrukarrådet var blant dei som var kritiske, og no oppsummerer også kulturministeren med at tenesta er «lite brukarvenleg». Bak Bokskya stod ni bokhandlarkjeder og eit utval andre aktørar i bokbransjen.

Forfattar Arne Berggren sit i Kulturnytts årspanel.
Foto: Holm, Morten /SCANPIXSandvik: – Ein kan få inntrykk av at dei lanserte eit tilbod dei visste var for dårleg. Det fins allereie så mange løysningar som er enkle, rimelegare og utanlandske. Den største faren med dette er at ein er i ferd med å miste ein stor del av ein marknad, som ein kjem til å slite med å få tilbake igjen.
Tangen: – Forlaga har jobba for å ta heile verdikjeda. Det som er sympatisk med forsøket er at alternativet er Apple eller Amazon, så eg hadde håpa at dei lukkast med eit norsk alternativ. Norsk bokbransje hamnar bakpå teknologisk og mistar innovasjonskraft.
Berggren: – Forlaga er bakstreverske og motset seg framsteg. Dei er boktrykkjarar i hovudet, og gjer sitt for å halde fram med det. Det tar til dømes framleis tre veker å få svar på e-post frå dei store forlaga. Eg trur vi må oppleve store fall og konkursar før det skjer noko.
LES:

Bokskya vart lansert.
Foto: Løvland, Marianne/SCANPIXNei til Lambda
Det har vore ein årelang diskusjon - og i år nådde den klimaks. Kvar skal Munchs kunst stå? Det låg lenge an til at Lambda, høgbygget teikna av Juan Herreros, skulle bli svaret. Men sjølv om bygget vann arkitektkonkurransen, bestemte byrådet i Oslo seg for å stoppe prosjektet.

Hilde Sandvik frå BT sit i Kulturnytts årspanel.
Foto: Eirik BrekkeDet hjelpte lite at den europeiske kunsteliten slo alarm og at kjende norske kunstnarar aksjonerte for Munch. Carl I. Hagen og Frp vart jokeren i den store kulturkampen, då dei snudde og meinte at Bjørvika ikkje var rett plassering likevel. Dermed er planane om eit nytt Munch-museum tilbake i startgropa.
Sandvik: – Mykje kom for seint inn i diskusjonane. No må ein sjå på kva som skjer framover, foreløpig fins det ingen alternativ med fleirtal. Men foreløpig er det heller ingen alternativ som er skrinlagt.
Tangen: – Eg trur ikkje ein blir einige i 2012. Lambda er typisk og ikkje eit spesielt tilfelle. Oslo kommune forvaltar kunstgåver dårleg, prosessar blir plutseleg stoppa og ein snur. Vi får håpe at dette kan bli som Alta-saka for samane - at nokon skjerpar seg og at ein blir flinkare til å forankre avgjerdene i folket.
Berggren: – Det har vore motstand mot Lambda heile tida og ei veldig lobbyverksemd. Ein snakkar om skandale, men ein var godt i gang med noko på Tøyen før Lambda. Her trur eg kulturjournalistar og aviser må sjå på dekninga. Lambda er pinleg.
SJÅ: Debatten om Munch
NRKS AGNES MOXNES KOMMENTERER:

Lambda vart skrinlagt i bystyret i desember.
Foto: Illustrasjon Herreros arquitectosNerdrum dømt for skattesvik
I haust dukka Odd Nerdrum opp att i den norske offentlegheita, etter fleire år på Island. Ein av våre mest markante kunstnarar vart dømt til to år fengsel for grovt skattesvik. Sjølv meinte han at den norske stat var ute etter å ta han, og anka avgjerda. Så kom debatten om Nerdrum skulle få lov til å måle i fengsel - eller om det høyrde inn under næringsverksemd, som ikkje er lov i fengsel.
Etter ein årelang sjølvpålagt medieboikott valte Nerdrum å stå fram på Noregs og Sveriges største talkshow, Skavlan.
SJÅ SKAVLAN-INTERVJUET:
Lengre intervju med Odd Nerdrum på Skavlan
Sandvik: – Det er ei spesiell historie. Han har verdiar for 100 millionar kroner, denne mannen. Noko av underhaldninga er måten kona har gått ut på og sagt at ho er djupt fornærma over å ikkje få kreditt for sitt arbeid. Nerdrum har skapt kunst som kjem til å stå igjen i kunsthistoria, og eg er fascinert.
Tangen: – Det har vore argumentasjon på at ei kunstnarsjel treng spesielle reglar for seg sjølv, frå hoffet rundt Nerdrum. Men når ein ser dommen verkar det utspekulert. Han er for kunstfeltet det Frp er for politikken - han meiner alltid det motsette.
Berggren: – Dei fleste kunstnarar er stakkarslege på ein måte, det har med ego og sjølvkjensle å gjere. Framferda i Skavlan var pinleg, det hadde ikkje noko substans. Det er ein skam for kulturlivet.
LES:
KOMMENTAR: Nerdrum og kunstnermyten
Etter 22. juli
22. juli vart vi tause - og ikkje lenge etter sa Hans Majestet Kong Harald at orda snart var brukt opp. Var det mogleg å bearbeide sorga gjennom kunst og kultur?
Ein del songar trengte seg gjennom tårene. «Mitt lille land» av Ole Paus fekk ein ny epoke i Maria Mena sin nye versjon. «Til ungdommen» av Nordahl Grieg fikk ei heilt spesiell rolle, og no er den på veg inn i salmeboka. Minnekonsertar vart arrangert, bøker vart skrive, diskusjonen kring ein film om hendinga kom, dokumentarar vart laga og media dekte temaet frå a til å.
LES: Seks terrorsaker opp i PFU i dag
Valkampen vart utsett og på haustparten kom debatten om debatten - i fleire rundar.
Sandvik: – Mange hadde opplevingar av å vere direkte råka og tenkte «Det kunne vore meg». Den opplevinga klarer gode kunstnarar og forfattarar å sette ord på. Samtidig er det sett i gang ein frykteleg stor kulturproduksjon. Det ligg òg ein liten bit av kynisme i det.
Tangen: – Det trengst nokre felles rammer for forståinga og kunstnarane kan skape det. Men det dei henta var ting som fantest allereie, forståingar av kva Noreg var. Folk går til rituala. Det kom ein diskusjon om kva ein kan gjere, til dømes ville politiet stoppe ein Utøya-film. Det er ikkje berre fritt fram for kunstnarar.
Berggren: – Eg opplevde at det var viktig å vere med å diskutere og ta stilling. Alle var på Facebook og sosiale media for å sette ord på ting, ikkje berre kunstnarar. Så kom det eit skjerpa ordskifte som vart skarpare og skarpare utover hausten, det er det mest overraskande i ettertid.

Ole Paus og Maria Mena framførte 'Mitt lille land' på minnekonsert i Oslo Domkirke.
Foto: Andersen, Aleksander/ScanpixFor mykje krim?
Krimsjangeren sel bøker og film som aldri før. Men somme meiner at sjangeren får for mykje plass, mellom anna forfattar Ingvar Ambjørnsen. Han gjekk heilt i svart då han skulle melde enda ei krimbok, «Bunnen av himmelen» av Stein Morten Lier.
«Fins det overhovud ingen grenser for kva slags vrøvl norske forlag kan finne på å gi ut, berre etiketten «krim og spenning» kan hentast fram?» spurte Ambjørnsen og fekk fleire med seg.
Noregs mest sette film er «Hodejegerne», basert på boka av Jo Nesbø, og det vart i år klart at «Snømannen» blir filmatisert av Martin Scorsese. Dei to siste åra har Bokhandlerprisen gått til ein krimroman.
Sandvik: – Sjangeren er veldig dominerande. Eg får nesten litt «crush» på Jo Nesbø når ein ser kva han klarer å få til. Men alle blir jo ikkje Jo Nesbø, sjølv om forlaga skulle ønske det.
Tangen: – Krim er lavterskelkultur med spenning og moglegheit til å kjenne seg igjen i. Det har lavstatus i kulturfeltet. Blant P2-lyttarane er det nok mindre populært enn elles i verda.
Berggren: – Bølgja som er der no opnar mange dører, for heile Skandinavia. Eg syns det er heilt fantastisk å sjå at folk i USA og England les Jo Nesbo. Vi må hive oss på og smi mens jernet er varmt. Vi har sett så mange bokbad med forfattarar som skriv gørrkjedeleg om kona si.

Jo Nesbøs 'Snømannen' skal bli filmatisert av Martin Scorsese. I 2011 var 'Hodejegerne' mest sette norske film.
Foto: Roald, Berit/Scanpix
Kva vil du hugse best frå kultur- og debattåret 2011? Er du ueinig eller einig med panelet? Kom med di meining her!
Galleri
Les
- – Groteskt snobbete og nedlatande
- – Staten Norge skylder meg penger
- – Bestialsk om han ikkje får måle
- Mener Nerdrum-straff er for streng
- Nerdrum og kunstnermyten
- Nerdrum dømt til to års fengsel
- Aktor: To års fengsel for Nerdrum
- Derfor gikk det galt med «Lambda»
- «Lambda» vraket av bystyret
- – Skandaløs behandling av Munch
- Europas kunstelite slår Munch-alarm
- Politikerne ødelegger for Munch
- Munch-suksess i Paris
- Nå kommer bøkene om 22. juli
- Minnesermoni i Oslo Spektrum
- - Ny versjon av Bokskya i vår
- - Virker ikke helt ferdig
- Forlag vender«Bokskya» ryggen
- Utsetter valgkampen
- Rekordår for norske kinofilmer
- Scorsese skal regissere Nesbø-bok
- Politimann vant Bokhandlerprisen
- Seks terrorsaker opp i PFU i dag











Kultur- og debattåret 2011
Diamanthandelen i Surat


























