Hopp til innhold

Arve Tellefsen (75): – Blir ikkje deppa over ein falsk tone lenger

– Eg fekk familie på eit svært gunstig tidspunkt, seier Arve Tellefsen, som blir 75 år i dag. Det å bli familiefar har gitt han større glede og tryggleik som musikar.

Arve Tellefsen

Her testar Arve Tellefsen akustikken i ein nyopna Universitetets Aula sist sommar, der han hadde sin debutkonsert i 1959.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Onsdagens jubilant stifta familie då han var i siste halvdel av 60-åra, på ei tid då det også passa godt å trappe ned aktivitetsnivået som fiolin-solist.

– Det var eit lykketreff for meg å treffe Kristin og få familie, seier han.

– Det skjedde jo litt seint, men for meg var det på eit gunstig tidspunkt då eg ikkje hadde noko ønskje om å reise rundt lenger.

Sjå i nett-TV: Mellom tonene finnes hemmelighetene

– Tek større sjansar enn før

I høve opptaka til dokumentaren «Mellom tonene finnes hemmelighetene» fortel den folkekjære fiolinisten entusiastisk om korleis kona og døtrene Kari Sofie og Ingeborg har påverka forholdet hans til å halde konsertar:

– Eg blir ikkje så deppa lenger om eg speler ein falsk tone eller noko sånt, slik som før, seier han.

– No gjer det meg eigentleg ingenting, eg er mykje meir avslappa og tek større sjansar og er friare når eg speler. Eg har større glede av å spele no enn før, for familien gir meg ein tryggleik eg ikkje hadde tidlegare.

Les også: 10-åring rørte Tellefsen til tårer

– Speler som om det er den siste konserten

I haust kunne Tellefsen ønskje velkomen til den 22. utgåva av Oslo Kammermusikk Festival, der han stod på programmet under ein rekkje konsertar. No er han midt i julekonsertsesongen, men han tek ikkje for gitt at det skal bli mange fleire konsertar framover:

– Eg tenkjer meir og meir «dette er min siste konsert». Det er ei god kjensle å spele som om det er den siste konserten. Då må ein tore å gjere som ein føler, og ikkje halde noko tilbake.

Les: – Kammermusikk var et skjellsord

Tellefsen synest jakta på perfeksjon av og til kan gjere musikken keisam, og likar å ta risiko – om det så skulle bety at han speler feil innimellom:

– Eg tek nok litt fleire sjansar enn eg gjorde før, så får eg heller få litt kritikk etterpå. Det er likevel ei god kjensle å gjere ting på min måte. Det er jo ein del av det levande, at det går gale av og til.

Les også: Prisdryss-år for norsk fiolinist

Sjå Arve Tellefsen spele «Chaconne» av Bach i 1968:

Video Arve Tellefsen spiller "Chaconne" av Johann Sebastian Bach

Arve Tellefsen speler «Chaconne» av Johann Sebastian Bach.

– Inspirerte Rosenborg
Nils Arne Eggen

Nils Arne Eggen meiner jubilanten har vore viktig for RBK.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

Fotball-legenda Nils Arne Eggen meiner Tellefsen har hatt ei viktig rolle i Rosenborg.

– Arve er ein fantastisk kar som har lært meg veldig mykje om det å bli god. Han var jo brukbar i fotball også, men for oss i RBK var det heilt ok at han heldt fram med fiolin, humrar Eggen.

– Han er eit levande bevis på at øving gjør meister, og står som ein stor inspirasjon for meg. Arve har vist at det er mogleg for ein vanleg gut i gata å nå heilt til topps, og slike prestasjonar får det til å verke naturleg at Rosenborg høyrer heime i Champions League også.

Eggen har late seg imponere av jubilanten på fleire område, ikkje minst som familiemann.

– Det er alltid interessant å snakke med Arve, enten vi snakkar om fotball eller musikk. Han er ein likandes kar, og går ikkje av vegen for ei utfordring. Det viste han jo då han stifta familie i godt vaksen alder. Som venn må eg seie at det har han takla på ein utmerka måte.

– Arve er like sprek no som då han var femti. Han er framleis dedikert til musikken og øver like mykje som før. Kvar han får energien frå, anar eg ikkje, seier Nils Arne Eggen.

Gjorde klassisk folkeleg

Dirigen og komponist Christian Eggen

Dirigent Christian Eggen meiner Tellefsen sin posisjon er unik.

Foto: Kristin Vold / NRK

Dirigent Christian Eggen må ha ein tenkjepause når NRK spør kva Tellefsen har betydd.

– Han har jo vore enormt viktig for norsk kulturliv, så det blir nesten vanskeleg å setje ord på det.

– Tellefsen tok klassisk musikk inn på meir folkelege arenaer og opna nye dører for klassisk musikk og fiolinspel. Hans karisma, humør og veremåte har avmystifisert mykje av skepsisen til klassisk, og vist at musikken er lett tilgjengelig og ikke så framandarta som mange kanskje har trudd, forklarer Eggen.

– Trakk Tellefsen ned i søla

Knutsen og Ludvigsen på Øya 2006

Samarbeidet mellom Tellefsen og «Knutsen og Ludvigsen» var ikkje populært hos alle.

Foto: unknown / NRK

Øystein Dolmen har samarbeidd med Tellefsen i fleire tiår. Men «Knutsen» fortel at dette ikkje alltid har vore like populært.

– Eg sit her med ei avisteikning frå Bergens Tidende, frå den gongen vi spelte saman under Festspillene i Bergen. I sentrum av teikninga er Beethoven, Ravel og dei store komponistane, og nedst i høgre hjørne står Arve og speler fiolin. Under han dukkar «Knutsen og Ludvigsen» opp av eit kumlok og prøver å dra han med seg ned.

– Vi fikk mykje kjeft frå dei høgkulturelle kreftene, som gav oss skulda for å trekkje Arve ned i søla. Men sjølv brydde han seg ikkje om slikt, ler Dolmen.

Øystein Dolmen meiner at Tellefsen har stått som eit førebilete for fleire generasjonar trøndarar.

– Arve har aldri gjort forskjell på folk. Han har respekt for dei han er saman med, enten du er høg eller låg, og det viste han då han gjekk inn i samarbeidet med oss.

– Vi budde i samme nabolag, og han har vore der gjennom heile livet mitt. Då eg var ein liten gut, var han eit kjempeidol for meg, og det er han framleis.

– Eit stort førebilete

Alexander Rybak

Alexander Rybak har Arve Tellefsen som førebilete.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Alexander Rybak skal spele konsert, men tek seg tid til ein rask karakteristikk av Tellefsen før han går på scenen.

– Eg er veldig glad for at vi har Arve Tellefsen. Han viser at det går an å øve masse og likevel halde fram med å vere beskjeden og folkeleg. Det er lett å stengje seg ute når ein legg inn masse arbeid som musikar, men Arve har ikkje gjort det, fortel musikaren.

Han møtte Tellefsen som 18-åring, og det gjorde eit uutsletteleg inntrykk.

– Då eg var 18 år gammal, fekk eg fiolintime med han, og det var ei stor oppleving. Han har vore eit stort førebilete for meg, slik han sikkert har vore det for alle som speler fiolin i Noreg, seier Rybak til NRK.no før han vender konsentrasjonen mot det ventande publikummet.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.