21.05.2013

Norsk regissør får toppoppdrag

Stefan Herheim (Foto: Eckehard Schulz/AP)

Stefan Herheim er for tida ein av verdas mest ettertrakta operaregissørar.

Foto: Eckehard Schulz/AP

Den norske operaregissøren Stefan Herheim får prestisjetunge oppdrag i Salzburg, Paris og London i det store Wagner- og Verdi-jubileumsåret 2013.

– Eg synest det er utruleg flott at ein nordmann frå Grorud får jobben når nokre av tidenes største operakomponistar skal feirast, seier NRK sin musikkommentator Ragnhild Veire.

– Dette blir lagt merke til

Nettstaden Wagneropera.net, som vert driven av norske Per-Erik Skramstad, har lagt ut ei oversikt over Stefan Herheims planlagde oppdrag, og oppgir at han i 2013 skal regissere Wagner-operaen «Meistersongarane i Nürnberg» under Salzburg-festspela og i Bastille-operaen i Paris.

Ragnhild Veire (Foto: Ole Kaland/NRK)

Ragnhild Veire.

Foto: Ole Kaland/NRK
– Vi kan vere stolte over at Noreg har ein så dyktig og kreativ regissør. Dette blir lagt merke til i miljøet over heile verda, seier Veire.

2013 vert eit spesielt år i operaverda, sidan det er 200-årsjubileum for to av dei aller største operakomponistane, Richard Wagner (1813–1883) og Giuseppe Verdi (1813–1901). I Londons største operahus i Covent Garden skal Herheim regissere Verdi-operaen «I vespri siciliani».

Herheim avviste ikkje opplysingane då NRK.no kontakta han onsdag, men ønskte heller ikkje å kommentere saka, sidan alle detaljar rundt oppdraga enno ikkje er avklarte.

– Får humor ut av Wagner sine operaer

41-åringen Herheim har allereie ei lang rekkje operaoppsetjingar bak seg over heile Europa. I 2007 vart han kåra til årets regissør av det tyske operamagasinet Opernwelt. Den britiske journalisten Norman Lebrecht kommenterte opplysingane om Herheims nye oppdrag på bloggen sin med at han no «blir stadig større i Europa».

Herheim er særskilt anerkjend som Wagner-regissør, mellom anna etter si kritikarroste tolking av «Parsifal» under festspela i Wagner-hovudstaden Bayreuth. Han har regissert ved Salzburg-festivalen før, medan oppdraget i London blir det første i byen.

– Herheim sitt regispråk er krevjande for tilskodaren, men han får til ting få andre klarer – som å få humor ut av Wagner sine operaer, seier Ragnhild Veire.

– Tolkingane hans er fulle av referansar både til staden operaen blir sett opp, og til tidlegare oppsetjingar av verket. Ein bør eigentleg ha sett nokre oppsetjingar av den aktuelle operaen tidlegare, for å få fullt utbyte av tolkingane hans.

Herheim har to oppdrag i Noreg i sin kalendar for 2012: Ei oppsetjing av Giacomo Puccini sin klassikar La Bohème i Den Norske Opera & Ballett med premiere i januar, og ei av Georg Friedrich Händel sin Xerxes under Festspillene i Bergen.

Les: Operaanmeldelse Lulu

Les: Operaanmeldelse Tannhäuser

Les: – Operaen uegnet for store oppsetninger

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Bangladesh (Foto: Scanpix)

Helly Hansen er det første norske merket som forplikter seg til den femårige Accord-avtalen. Avtalen skal hindre katastrofer som da Rana Plaza kollapset i Bangladesh i april, og over 1000 mennesker mistet livet.

Foto: Scanpix

Helly Hansen gjør som H&M - skriver under på historisk avtale

Helly Hansen er det første norske klesmerket som skriver under på den forpliktende avtalen for brannvern og sikre tekstilfabrikker i Bangladesh.

Damien Hirst (Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos)

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.

Sindre Østgård er nettsjef i NRK. (NRK)

Uansett om du har Iphone, nettbrett, eller PC skal du få glede av NRKs nye nett-TV. Det mener juryen Nordiske Mediedager setter standarden for hvordan tv-avspillinger på nett skal fungere. Her er NRKs nettsjef Sindre Østgård med nettspilleren i bakgrunnen.

NRK

Pris til NRKs nye nettspiller

NRKs nye nettspiller vant prisen for «Årets digitale innovasjon» under prisutdelingen på Nordiske Mediedager i Bergen.