Hopp til innhold

Skal dei halde dansekonsert på kontoret ditt?

Tirsdag 4. oktober kjem fiolinist Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård frå dansegruppa Frikar til å halde dansekonsert på ein arbeidsplass i Oslo-området. No kan du invitere dei til kontoret ditt!

Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård

Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård.

Foto: Massimo Leardini

Kontorkonserten med kjærastane og artistane Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård er den tredje i rekkja med kontorkonsertar NRK arrangerer denne hausten, i samarbeid med MIC Norsk Musikkinformasjon.

Dersom du jobbar i Oslo-området, kan du melde på arbeidsplassen din ved å sende ein epost til kulturnett@nrk.no og forklare oss kvifor dei to unge kunstnarane skal kome til nettopp dykk!

Konkurransen er no avslutta.

Debut-cd rundt hjørnet

Ragnhild Hemsing speler både folkemusikk og klassisk musikk, ofte i lag med søstra Eldbjørg. Den første solo-cd-en hennar er like rundt hjørnet, og der speler ho mellom anna ein av Edvard Griegs sonater for fiolin og folkemusikk frå Valdres for hardingfele.

Dansaren og koreografen Hallgrim Hansegård stifta dansekompaniet Frikar i 2006, og har hausta mykje merksemd for arbeidet sitt i skjeringspunktet mellom folkedans, samtidsdans og akrobatikk. Frikar vart «allemannseige» då tre av medlemene dansa Alexander Rybak fram til siger i Melodi Grand Prix våren 2009.

Les: Se Frikar-Hansegård bli norgesmester

Er det plass til «Yr» på kontoret ditt?

I 2009 inngjekk kjærastane Hallgrim Hansegård og Ragnhild Hemsing eit kunstnerisk samarbeid med dansekonserten «Yr». Eit sentralt stykke på repertoaret er Lasse Thoresens stykke «Yr», og det står på programmet også når dei to skal halde kontorkonsert.

Sjå Hemsing og Hansegård framføre «Yr»:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kontorkonsertar i mange sjangrar

Jarle Bernhoft, Gjermund Larsen, Susanne Sundfør og Mathias Eick var mellom artistane som vitja arbeidsplassar i første runde med kontorkonsertar. Du kan sjå alle konsertane ved å gå inn på lenkene i høgrespalten.

Neste kontorkonsert finn stad tirsdag 20. september på kontoret til NSB Kompetanse i Drammen.

Haustens første kontorkonsert fann stad i TV-aksjonens lokale, og det var trommefyrverkeriet Paal Nilssen-Love som stod for moroa. Sjå konserten her:

Video Kontorkonsert med Paal Nilssen-Love Trio

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)