19.05.2013

– Eit verk ein berre må få sett i løpet av livet

Tryllefløyten i Den Norske Opera 2011

  • Sarastro (Petri Lindroos) framfor Tamino (Daniel Johansson) og Pamina (Mariann Fjeld Olsen).
  • Tamino (Daniel Johansson) blir jaga av ein drage i opningsscenen.
  • Tamino (Daniel Johansson), «1. dame» (Nina Gravrok) og Papageno (Mads Wighus).
  • Tamino (Daniel Johansson) og dei tre damene (Nina Gravrok, Lydia Moellenhoff og Hege Høisæther) med tryllefløyta.
  • I Sarastros palass.
  • Tamino (Daniel Johansson) og «1. dame» (Nina Gravrok).
  • Papageno (Mads Wighus) og Tamino (Daniel Johansson).
  • Pamina (Mariann Fjeld Olsen), Sarastro (Petri Lindroos) og Tamino (Daniel Johansson).
  • Tre unge «gutar» (Ingrid Anna Dissen, Nina Alexandra Baretto og Ellen Sekulic).
  • Papageno (Mads Wighus) og dei tre unge «gutane» (Ingrid Anna Dissen, Nina Alexandra Baretto og Ellen Sekulic).
  • Papageno (Mads Wighus) og Papagena (Kjerstin Løvdal).
  • Operaens sluttscene med Sarastro, Tamino og Pamina.

Mozart-operaen «Tryllefløyten», som i kveld vert sett opp i Bjørvika for første gong, er mellom tidenes mest populære musikkomedier. Ingmar Bergman kalla verket «min følgjesven gjennom livet».

Avtroppande operasjef ved Den Norske Opera & Ballett, Paul Curran, er regissør for torsdagens premiere på ein «Tryllefløyten»-versjon med eit sterkt kinesisk preg. Han trur kombinasjonen av lettbeint underhaldning og stort alvor er grunnlaget for verkets enorme suksess.

Paul Curran (Foto: Erik Berg)

Paul Curran regisserte «Tryllefløyten» allereie i 1995.

Foto: Erik Berg

– Det er jo eigentleg ikkje ein opera, men eit singspiel, skrive for eit folkeleg teaterhus, seier Curran til NRK før premieren.

Paul Curran såg «Tryllefløyten» for første gong som 16-åring, og hans første oppdrag som regissør var å setje opp verket i barneparken Coram's Fields i London i 1995.

– På plakaten den gongen stod det «fantastisk gøy», og det er mykje komikk i operaen. Men hugs at det også er to scener der karakterer vurderer å ta livet sitt – den eine er ei jente på 15-16 år. Det triste og ulykkelege ligg heilt i kjernen av operaen.

– Ein typisk tenåringssituasjon

Ein av dei to personane som vurderer å ta livet sitt i operaen, er den kvinnelege hovudpersonen Pamina. Hennar sørgmodige arie «Ach, ich fühl's» er Currans favorittarie i «Tryllefløyten».

– Prinsen Tamino vert sett på prøve, og får ikkje lov til å snakke med Pamina. Ho fortvilar fordi ho trur det betyr at han er uinteressert. Denne mangelen på kommunikasjon er ein typisk tenåringssituasjon. Det er ein svært sensibel arie med utruleg vakker musikk, kanskje den vakraste i heile operaen.

Høyr «Ach, ich fühl's» sunge av Sandrine Piau:

(Sandrine Piau syng i lag med Freiburger Barockorchester dirigert av Gottfried von der Goltz.)

– Det handlar om å verte vaksen

Ragnhild Veire (Foto: Ole Kaland/NRK)

Ragnhild Veire synest historia i «Tryllefløyten» er gripande.

Foto: Ole Kaland/NRK

NRKs klassisk-meldar Ragnhild Veire er samd med Curran i at Paminas arie er høgdepunktet i operaen. Ho kalla Tryllefløyten «eit verk ein berre få sett i løpet av livet» då ho oppsummerte haustens musikalske høgdepunkt for nokre veker sidan.

– Det er masse humor og forviklingar i operaen, men historia er også veldig gripande, seier Veire.

– Det handlar om å verte vaksen, prøvingane ein må gjennom for å verte stor. Hovudpersonane vert testa på ulike måtar, og særleg prinsen Tamino står i slutten av operaen fram som ein ansvarleg krigar som kjempar for kjærleiken. Alt vert like fullt presentert med eit smil om munnen, gjennom Mozarts sjarmerande musikk.

Odd Nordstoga (Foto: Poppe, Cornelius/SCANPIX)

Odd Nordstoga spelte Papageno eller «Fuglefanten» i 2005.

Foto: Poppe, Cornelius/SCANPIX

Nordstoga spelte Papageno

Odd Nordstoga var med i ei folkemusikkoppsetjing av operaen i 2005, der han spelte rolla som Papageno, eller «Fuglefanten». Då Nordstoga var med i serien «Norske artistar anbefaler klassisk» i sommar, trakk han fram scenen der Papageno vurderer å ta livet sitt, og den påfølgjande duetten der Papageno får si Papagena.

– Det er kjærleikshistoria til Fuglefanten som er den beste og mest sjarmerande historia i operaen, meiner Nordstoga.

– Eg har sunge denne mange gonger, og det var moro kvar gong. I dette strekket ligg jo dramaturgi nok til ein heil romantisk komedie frå Hollywood.

Høyr scenen med Papageno og (etter kvart) Pagagena:

(Framført av Gerald Finley, Constanze Backes og Dei engelske barokksolistane, dirigert av John Eliot Gardiner)

Verdas mest spelte opera

«Tryllefløyten» hadde premiere i Wien i 1791, med komponist Wolfgang Amadeus Mozart som dirigent og tekstforfattar Emmanuel Schikaneder i rolla som fuglefangaren Papageno. Mozart levde berre drygt to månader til, men rakk å få med seg mange førestellingar av operaen, der han tok med seg familie og vener.

Mozart og Schikaneders verk har berre fått fleire og fleire vener med åra, og har aldri gått av moten. På ei fersk oversikt over dei mest spelte operaene verda over, ligg «Tryllefløyten» heilt på topp, rett over Giuseppe Verdis «La Traviata».

Ingmar Bergman (AP)

Ingmar Bergman laga film av «Tryllefløyten» i 1975.

AP

– Verdas beste musikal

Ein av dei mange som har forelska seg i verket gjennom dei 220 åra sidan premieren, er den legendariske svenske regissøren Ingmar Bergman. Han laga tv-filmen «Trollflöjten» i 1975, og refererte til Mozart-operaen som «verdas beste musikal» ifølgje Robert E. Longs bok «Ingmar Bergman: Film and Stage».

– Eg var tolv år gammal då eg for første gong såg «Tryllefløyten» i Kungliga Operan i Stockholm, skreiv Bergman i boka Images.

– «Tryllefløyten» vart min følgjesven gjennom livet.

Ein annan regissør som har laga film av historia er Kenneth Branagh, som regisserte «The Magic Flute» i 2006. Norske Silvia Moi song og spelte rolla som Papagena.

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Bangladesh (Foto: Scanpix)

Helly Hansen er det første norske merket som forplikter seg til den femårige Accord-avtalen. Avtalen skal hindre katastrofer som da Rana Plaza kollapset i Bangladesh i april, og over 1000 mennesker mistet livet.

Foto: Scanpix

Helly Hansen gjør som H&M - skriver under på historisk avtale

Helly Hansen er det første norske klesmerket som skriver under på den forpliktende avtalen for brannvern og sikre tekstilfabrikker i Bangladesh.

Damien Hirst (Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos)

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.

Sindre Østgård er nettsjef i NRK. (NRK)

Uansett om du har Iphone, nettbrett, eller PC skal du få glede av NRKs nye nett-TV. Det mener juryen Nordiske Mediedager setter standarden for hvordan tv-avspillinger på nett skal fungere. Her er NRKs nettsjef Sindre Østgård med nettspilleren i bakgrunnen.

NRK

Pris til NRKs nye nettspiller

NRKs nye nettspiller vant prisen for «Årets digitale innovasjon» under prisutdelingen på Nordiske Mediedager i Bergen.