Hopp til innhold

– Bestialsk om han ikkje får måle

Kunstnarkollega Leonard Rickhard meiner det er ein kolossal risiko å ikkje la Odd Nerdrum få måle i fengselet.

– Må forholde seg til same vilkår som andre innsette, meiner Per Sandberg.

Odd Nerdrum

Biletkunstnar Leonard Rickhard (øverst til venstre) meiner kollega Odd Nerdrum må få måle i fengselet, dersom han må sone.

Foto: Erlend Aas, Scanpix/Bjørn Sigurdsøn,Scanpix / Montasje

Odd Nerdrums selvportrett

Slik framstile Odd Nerdrum seg sjølv då rettsaka starta 2. august. Han vil anke dommen, som kom i går.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Odd Nerdrum blei i går dømt til to års fengsel for å ha selt bilete for over 10 millionar kroner utan å betale skatt.

LES: Nerdrum dømt til to års fengsel

Myndigheitene kan ikkje svare på om kunstnaren får måle dersom han må sone straffen, skriv Aftenposten i dag. Ingen innsette får drive næringsverksemd i norske fengsel.

Kunstnarkollegaene Håkon Bleken og Leonard Rickhard reagerer sterkt på dette.

– Då eg leste det blei eg sjokkert og tok meg nesten nær av det personleg. Det grip så sterkt inn i den kunstnariske psyken. Ein tar ein stor risiko ved ei slik avgjerd, fordi Nerdrum er ein ekstremt sterk kunstpersonlegdom, sa Rickhard i debatt med Anders Heger og Per Sandberg i NRK Kulturnytt.

HØYR I KULTURNYTT:

– Overbevist om at han ikkje toler det

Håkon Bleken

Biletkunstnar Håkon Bleken trur ikkje Nerdrum vil tole å ikkje måle på to år.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Han meiner at det er risiko for Nerdrums psyke dersom han ikkje får måle, og at det også er snakk om å kome ut av fengselet godt rusta.

Biletkunstnar Håkon Bleken er overbevist om at Nerdrum ikkje vil kunne tole å sitte i fengsel i to år å utan å måle.

– Eg synest det måtte vere forferdeleg å sitte i fengsel og ikkje få lov til å måle. Det ville vere meiningslaust etter mi meining, seier Bleken til NRK.

Spørsmålet om ein av Noregs største kunstnarar kan få måle i fengsel går på om Nerdrum vil tene pengar på måleri som eventuelt blir produsert som innsett.

– Når det gjeld Nerdrum er hans kunst definitivt ei næringsverksemd. Men eg er heilt einig i at det ville vere eineståande om han skulle nektast å måle i det heile tatt, seier Per Sandberg frå Framstegspartiet og leiar i justiskomiteen på Stortinget.

– Næring er ikkje drivkrafta

Forlagssjef i Cappelen, Anders Heger.

Forlagssjef i CappelenDamm, Anders Heger, meiner ein må passe på at Nerdrum ikkje får ein tilleggstraff.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– I utgangspunktet skal Nerdrum forholde seg til rammevilkåra for alle innsette. På fritida kan dei innsette halde på med dei aktivitetane dei ønskjer, som å måle eller skrive, seier Sandberg.

Det synest ikkje Leonard Rickhard er bra nok.

– Det er å gamble med ein sterk kunstnarpsyke. Nerdrum har ikkje gjort det lett for seg. I byrjinga av 1960- og 70-talet gjekk han mot straumen på kunstscena. Vi ser at det ikkje er næring som er drivkrafta hos Nerdrum, det er noko større enn det, svarar han.

LES OGSÅ: – Hardt å feire 70-årsdag i fengsel

Rickhard ser ikkje på kunstnarisk arbeid som næringsverksemd, men ein sterk lidenskap og vitskap.

– Eg meiner at han i stor grad må ha moglegheit til å vere Odd Nerdrum når han er i fengselet. Han skal også vere det når han kjem ut, seier kunstnaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Trygve Lundgren viser fram "Skyen"

Ein av støttespelarane til Nerdrum viste fram det øydelagde måleriet 'Skyen' i retten, som bevis.

Foto: Agnes Moxnes / NRK

– Gi han eit offentleg oppdrag

For ein gongs skuld er forlagsredaktør Anders Heger i CappelenDamm heilt einig med Per Sandberg.

– Gi Nerdrum eit offentleg utsmykkingsoppdrag som han får betalt med dagpengar. Fengselet kan gi han oppdrag som målar, seier Heger.

LES OGSÅ: Odd Nerdrum og kunstnermyten

– Viss ein av dei innsette i fengselet er bakar er det naturleg at fengselet utnyttar det. Og det kan også gjelde ein kunstmålar, meiner Heger.

Han meiner dette er eit spørsmål om korleis ein taklar det praktisk.

– Det må ikkje skje at han får ein tilleggstraff. Heile Noreg syns det er rimeleg at ein kunstnar ikkje skal straffast på ein anna måte enn ein taxisjåfør. Men dersom han ikkje får måle i det heile tatt vil det sjå ut som om ein nyttar høvet til å plage han og gje ekstra straff. Og det er det ikkje grunn til, seier Heger.

HØYR HÅKON BLEKEN I KULTURNYTT:

– Sikker på at Nerdrum kan bidra

Sandberg trur Nerdrum kan bidra i fengsel - dersom anken ikkje går gjennom.

– Vi har nyleg brukt tre millionar kroner på utsmykking i fengsel, kanskje kunne vi spart oss desse pengane. Eg er sikker på at Nerdrum kunne bidra med aktivitetsplikter i mange fengsel i Noreg, seier han humoristisk.

Odd Nerdrum og hans forsvarar Tor Erling Staff har anka dommen.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)