Hopp til innhold

Vaksne leikar i smug

I levande rollespel kan du vere dronning, FBI-sjef, troll og hulder. Men ikkje så sjefen ser det.

Anita Myhre Andersen som dronning Ara av Bergriket.

Å bli dronning er enkelt. Sy eit kostyme, meld deg på eit rollespel, hev gummisverdet og vips! så er du monark.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

– Eg har fleire vener som leikar i smug.

Anita Myhre Andersen (40) er hekta på levande rollespel. Sidan trebarnsmora oppdaga rollespel i 1995 har ho blant anne vore:

Orkekrigar, soldat, fiskarkone, sjaman, politisk rådgjevar, tiggar, sekretær, adeleg, prestinne, ånd, hulder, troll, urtekyndig, alv og FBI-sjef.

Fryktar for karrieren

Mørkalven Nattskygge. Ein pappa som blei hekta.

Ikkje flau: Denne karen er mørkalv kvar fjerde laurdag.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Sjølv viser Anita gjerne fram hobbyen sin. Ho anbefalar den til og med.

Men fleire av venene hennar held hobbyen skjult for sjefar og kolleger. Dei er engstelege. Ein akademikar som spring rundt i skogen med alveøyrer og gummisverd risikerer sitt gode namn og rykte.

– Eg skulle ynskje vaksne fekk lov til å leike, seier Anita.

– Ein 4-5 dagar lang laiv i skogen er eit fantastisk avbrekk frå kvardagen. Ein får puste heilt ut, gløyme jobb og rekningar, ein kan liksom-drepe skurkane, danse og lage mat på bålet. Leiking er mentalt sunt.

Men klarar alle vaksne å hente fram att leiken? Sjølv dei med stiv snipp og lang CV? Anita veit svaret, for ho har sett det sjølv:

– Det skjer noko med næringslivsfolk når dei får leikevåpen i hendene. Dei blir som gutungar att.

Vil ikkje på TV

Då NRK-reporter Gøril Grov Sørdal sjølv ville prøve levande rollespel, fekk ho og Anita kvar si rolle i eit mordmysterium anno 1927. Men då Anita inviterte vener og kjende takka fleire nei. Dei ville ikkje leike på TV.

– Det er synd, for leiking er viktig både for born og for vaksne, seier Anita. Ho vil gjerne vise kva ho meiner, og inviterer NRK-teamet til Langeskogen.

Det viser seg at skogen utanfor Bergen er magisk. Her kan ein vanleg lærar bli ekte dronning, og herske over tussar og troll, alvar og hekser.

Liv Tyler som alven Arwen.

Likar du Ringenes Herre? Du kan sjølv vere alveprinsessa Arwen.

Foto: SF Norge

- I november, når det haglar ute og eg kler på meg dronningkostymet, så tenkjer eg at dette er galskap, seier Anita, som i fleire år har vore Dronning Ara kvar fjerde laurdag.

– Men når eg kjem ut i skogen, då er kulden gløymt!

Men kva er levande rollespel?

– Det er eit slags improvisert teater utan publikum. Ein kan lage spel i alle sjangrar og tidsperiodar, frå ei bok eller ein film, alt er mogleg. Så spelar ein nokre timer eller dagar, berre for å ha det gøy.

Rar hobby, grei jobb

Anita har delteke i minst 100 arrangement, og i tillegg både skriv og arrangerer ho rollespel.

– Då eg starta tykte mange det var ein rar hobby. Men då eg fekk betalte oppdrag, då var det liksom greit.

Sjølv likar ho teaterdelen best. Andre elskar å lage kostymer. . Dei aller ivrigaste kan bruke to år på å førebu seg til eitt rollespel, og lagar masker, kostymer, kulissar og våpen.

Dronning Ara i kamp mot ein liten, men hissig mørkalv.

Dronning Ara i kamp med ein liten, men hissig mørkalv.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

I denne YouTube-videoen kan du sjå kor mykje arbeid nokon legg i kostymene sine.

Angrip!

Trym Myhre Andersen med nylaga skjold.

Trym Myhre Andersen med nytt, heimelaga skjold.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

– Mamma, kan du passe på dolken min?

Trym Myhre Andersen (10) skal ut i krigen. Men dolken er berre farleg for dei med gummiallergi. Systra Tuva (8) har fått lærkappa si om skuldrane (eit omsydd skjørt), og er klar for favorittrolla:

– Heks! Men me er ikkje slemme altså.

Kvar fjerde laurdag står står 60-70 born i kø i utkanten av Langeskogen for å få utdelt gummisverd, fargerike kjortlar og kvar si rolle. Vaksenhobbyen er perfekt tidtrøyte for born, og Trym har vore med sidan Eventyrspill starta opp i 2007:

–Me skal inn i Bergriket, ei eventyrverd med troll, alvar og menneske. Eg trur eg skal vere troll i dag.

Handlinga er inspirert av fantasisjangeren og Ringenes Herre, og kvar månad spelar born og vaksne fram ein ny episode.

– Det er me som har skapt universet, men me skriv berre halve episoden. Borna skapar resten undervegs, fortel Anders Riple.

Arrangør Sindre Titlestad Westgård bles til samling.

Arrangør og vismann Sindre Titlestad Westgård bles til samling i Bergriket.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Saman med Sindre Titlestad Westgård driv han selskapet Tidsreiser , som arrangerer levande rollespel både for born og vaksne.

Og det manglar ikkje på vaksne i Langeskogen denne laurdagen. Ein skummel pappa, som i dag er mørkalven Nattskygge, angrip dronning Ara så fort spelet startar.

– Dronning Ara er ein papegøøøøøye! ropar Nattskygge, med heva gummisverd.

Kampgnyet får joggarar og turgåarar til å stogge og glo. Nokon ser litt misunnelege ut.

Vaksne skal jo vekse av seg leiken. Det er noko alle veit. Men foreldra i Langeskogen lærer fort at dette ikkje stemmer:

– Mange fedre tykkjer barnespela er veldig morro. Fyrst kjem dei med borna som alibi, til slutt kjem dei utan borna, ler Anita.

Alveprins Jonas Gahr Støre

Men er dette noko for alle? Ser du for deg utanriksministeren som lettbeint alveprins? Ville Kjell Inge Røkke blitt eit skummelt troll?

Reporter Gøril Grov Sørdal som sladrejournalist i 1927.

Reporter Gøril Grov Sørdal som sladrejournalist anno 1927.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Ja! meiner Anita.

– Det skjer noko med næringslivsfolk når dei får leikevåpen i hendene. Dei blir som gutungar att.

Men hadde verda tatt Jonas Gahr Støre på alvor etter å ha sett han springe rundt i skogen med pil og boge? Ville kundane hatt tillit til Røkke om dei visste han leika med gummisverd på fritida?

Vaksne skal jo vekse av seg leiken. Det er noko alle veit.

Men misser me noko viktig på vegen?

Kvar er skatten?

– Kven kan hjelpe trollet med å finne skatten? Fremad!

Anita lyfter på dronningstakken, samlar livgarden kring seg og spring djupare inn i Bergriket. Dei er på skattejakt. Ein heilt vanleg laurdag.

Når gjekk du på skattejakt sist?

Du kan bli med, både på skattejakt og på mordmysterium. Skru på NRK1 kl 2015 tysdag 20. september.

Finn dronning Ara og livgarden hennar skatten?

Dronning Ara av Bergriket legg ut på skattejakt.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK