Hopp til innhold

Endrar teaterprogram etter 22. juli

Det Norske Teatret kuttar stykket «Shockheaded Peter» frå haustrepertoaret fordi «det som skulle vere frydefullt og komisk ved framsyninga blir for sterkt så tett opp til tragedien».

Legger ned blomster ved Utøya (siluett), onsdag 27. juli 2011

Folk legg ned blomster til minne om ofra for terroren 22. juli. Det Norske Teatret kuttar 'Shockheaded Peter' frå haustprogrammet grunna hendingane.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

På bakgrunn av hendingane i Oslo og på Utøya gjer Det Norske Teatret endringar i repertoaret for hausten. «Shockheaded Peter» blir flytta og kjem opp igjen på speleplanen ved eit seinare høve.

– «Shockheaded Peter» er av ein slik karakter at den vil verke upassande så kort tid etter terrorhendingane, seier informasjonssjef i Det Norske Teatret, Ida Michaelsen, til NRK.no.

«Det som skulle vere frydefullt og komisk ved framsyninga blir for sterkt så tett opp til tragedien, men med litt avstand i tid, vil den igjen kunne glede eit stort publikum med sin burleske og skakke form», skriv dei i ei pressemelding.

– Upassande så kort tid etter

Stykket er bygd på ei bok av den tyske psykiateren Heinrich Hoffmann i 1845 og skildrar kor gale det kan gå når ufyselege barn ikkje høyrer på dei vaksne.

«Dei som sug på tommeltotten får han kutta av, slemme gutar blir overmanna av dei som er verre, barn som leiker med fyrstikkar blir til ild og aske og dei som går med nasen i sky unngår berre så vidt drukningsdøden», står det om stykket på heimesidene til Det Norske Teatret.

Teatret meiner stykket «Abrahams barn» har ein karakter som er passande i denne tida og flyttar det frå Scene 3 til Hovudscena.

«Abrahams barn» tar for seg kristendommen, jødedommen og islam, er regissert av Kjetil Bang-Hansen og av og med Svein Tindberg.

Det stiller spørsmål ved at alle dei tre religionane gjer krav på Abraham som stamfaren sin. Er det eigentleg den same historia fortalt på tre ulike måtar? Stykket har premiere 9. september.

Les: Alt om terroren 22. juli

(Artikkelen held fram under biletet)

Shockheaded Peter

Stykket 'Shockheaded Peter' blir foreløpig tatt av plakaten på Det Norske Teatret.

Foto: Det Norske Teatret

Ingen andre endringar

– Teatersjef Erik Ulfsby, som skulle vere regissør for «Shockheaded Peter», foretar ei skanning og ser om det er andre stykker som kan passe for ensemblet, som no står utan arbeid. Det eventuelle stykket vil då i så fall bli vurdert sett opp på Scene 3, seier Michaelsen.

Det er teatersjefen som tar dei endelege avgjerdene når det gjeld endring av repertoaret.

Det er berre dette stykket som blir kutta frå haustprogrammet. Mellom anna blir «Unge Werthers lidingar» av Goethe ståande på programmet.

– Vi trur og meiner at det ikkje vil vere så direkte forbunde med det som har skjedd. Det er ein gammal klassikar som vi har sett opp før og av ein slik karakter at det ikkje vil verke upassande, seier Michaelsen.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.