Hopp til innhold

Harry Potter sette historisk rekord

«Harry Potter og dødstalismanene - del 2» går inn i historiebøkene med den beste opningshelga nokon sinne. I Noreg har meir enn 240.000 sett filmen.

Film Harry Potter Fantasy Lives Tom Felton, Emma Watson, Daniel Radcliffe, Rupert Grint

Tom Felton (Draco Malfang), Emma Watson (Hermine), Daniel Radcliffe (Harry) og Rupert Grint (Ronny) opplever stor suksess med siste kapittel i historia om trollmannen Harry Potter.

Foto: Evan Agostini / Ap

«Alt endar her», står det på filmplakaten til den siste Harry Potter-filmen. «Alt byrjar her», kunne det like gjerne stått, for det er no pengane byrjar å rulle inn. Berre dei tre første dagane spelte filmen inn over 900 millionar kroner i USA og Canada.

Trollmannen slår dermed både «Harry Potter og dødstalismanene - del 1», som spelte inn 695 millionar kroner, samt Batman og «The dark knight» frå 2008, som hadde rekorden med 888 millionar kroner.

På forhånd var det venta at filmen kunne nå opp mot sjetteplass på lista over mest sette filmar på ei opningshelg, skriv Box Office Mojo.

Les:

242.000 nordmenn har sett filmen

Til saman har filmen spelt inn over 2,6 milliardar kroner på verdsbasis, ifølgje The New York Times.

Her i Noreg var 107.217 nordmenn på kino i helga og såg avslutninga på Harry Potter-sagaen. Totalt sett har 242.000 nordmenn sett filmen.

Les også: – Harry Potter ga meg mye hodebry

Dei ekstremt gode kritikkane filmen har fått har sikkert ikkje skada når det gjeld å trekkje folk til kinoane. NRK Filmpolitiet ga den terningkast fem og kalla det ei «magisk oppleving», og filmen har fått slike kritikkar av dei fleste norske og utanlandske kritikarar.

Les: Filmpolitiets kritikk av «Harry Potter og dødstalismanene- del 2»

Sjå trailer:

Kan nå opp mot Star Wars

Franchisen Harry Potter har tent inn over 70 milliardar kroner og er i ferd med å nå opp mot Star Wars-imperiet, som er den mest verdifulle franchisen i historia, ifølgje Mojo Box Office. Og det er ikkje berre skodespelarane som tener gode pengar på dette. Også fotografar, sminkørar og stuntmenn har blitt millionærar på Harry Potter-filmane.

Les: Magiske summer for Harry Potter

No må selskapet finne ein ny måte å tene inn dei store pengane på, etter åtte filmar med Harry, Ronny og Hermine. Dei har tru på at «Hobbiten», ein todelt filmserie basert på boka av J.R. Tolkien, kan gjere nettopp det, skriv The New York Times.

Men selskapet vil nyte godt av Harry Potter ei god stund til, sidan dei får inntekter frå DVD-sal og royalties frå The Wizarding World of Harry Potter, ein amerikansk temapark.

Les: Harry Potter-premiere i London

Sjå video frå Harry Potter-premieren:

Video Harry Potter-premieren i London

Harry Potter-premieren i London

Sjå intervju med Daniel Radcliffe:

Video Intervju med Daniel Radcliffe

Intervju med Harry Potter - Daniel Radcliffe

Kva synest du om filmen? Diskuter her!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober