Politiet ransaka Daily Star
SJÅ I DAGSREVYEN: Andy Coulson var pr-mann for statsministeren. No er han arrestert i avlyttingsskandalen.
Andy Coulson og Clive Goodman er arresterte i samband med News of the World-skandalen. No blir også avisa Daily Star ransaka for bevis.
Publisert 08.07.2011 12:20. Oppdatert 08.07.2011 19:04.
- Skriv ut

Clive Goodman, tidlegare hoffreporter i News of the World.
Foto: CARL DE SOUZA/AFP
Ifølgje nyheitsbyrået AFP blei London-kontoret til avisa Daily Star ransaka i ettermiddag av Scotland Yard. Det hendte berre få timar etter at Clive Goodman vart arrestert.
Han var tidlegare hoffreporter i News of the World, men jobbar no for søndagsutgåva til Daily Star. Bakgrunnen for arrestasjonen skal vera skuldingane om at journalistar ved News of the World skal ha bestukke politiet.
Clive Goodman vart i 2007 arrestert og sona fire månader i fengsel for hacking av telefonar til tilsette ved det britiske kongehuset.
Les også: News of the World mot slutten
Sjekkar alle tidlegare arbeidsplassar
Ifølgje TV-kanalen Channel 4 skal sjefredaktør i Daily Star informere sine tilsette i eit møte i ettermiddag. Dei slapp denne pressemeldinga:
«Politiet var interessert i datamateriale som Goodman har brukt det siste året som frilansar for avisa, for å krysssjekke det med hans aktivitetar i News of the World. Dei var spesielt interessert i å krysssjekke e-postane hans med e-postane frå News of the World.»
Politiet skal sjekke alle plassar der Goodman har jobba sidan han var i News of the World, ifølgje Daily Star.
Les: News of the World-skandalen vokser
Rebekah Brooks går framleis fri, men etter eit møte i News International i dag vart det bestemt at ho ikkje får leie den interne granskinga av News of the World. Det vart bestemt av James Murdoch og dei andre News Corporation-leiarane, skriv The Guardian.
(Artikkelen held fram under biletet)

Andy Coulson, tidlegare redaktør i skandaleavisa News of the World.
Foto: STEFAN WERMUTH/ReutersAndy Coulson vart arrestert
Tidlegare i dag melde Sky News på Twitter at Andy Coulson er arrestert.
Andy Coulson var sjefredaktør i skandaleavisa News of the World mellom 2003 og 2007. I denne tida skal avisa ha hacka telefonen til fleire kjendisar.
Denne veka har det kome fram opplysningar om at avisa også har avlytta etterlatne etter avdøde soldatar i Irak og Afghanistan, og etter bombeangrepa i London 2005.
Andy Coulson har dessutan vore pr-rådgjevar for statsminister David Cameron.
Det blir spekulert i om avlyttingsskandalen kan omfatte fleire enn News of the World. Skodespelar Hugh Grant er blant dei som har blitt utsett for avlytting. Han trur ikkje News of the World er åleine om å ha denne praksisen:
Hugh Grant om avlyttingsskandalen
Les meir om News of the World-skandalen:
Les
Avlyttingsskandalen i britiske medier
- –The Sun betalte for opplysninger
- Ny presseregulering i Storbritannia
- Seks nye arrestert i avlyttingssak
- Fyrst Albert vant søksmål
- Trykkefrihet, løgner og videotape
- Hugh Grant i front for medieofrene
- Skandaleomsust redaktør i retten
- Kirken selger Murdoch-aksjer
- News Corp kan bli delt i to
- – Politikarar og media er for nære
- Gordon Brown i vitneboksen
Storbritannia
- Drapsmannen i London blir intervjua
- Mann pågrepet for IRA-angrep
- Brutalt gateangrep i London
- Honningfellen som fanget feil mann
- – Oljeprisfiksing må straffes hardt
- Med mamma på jobb
- Norsk hjemløse er guide i London
- Krigshelt hedres av britene
- Boston-vinnere vil hedre ofrene
- Jagerfly tvang ned SAS-fly
- Margaret Thatcher bisatt

Publikums 17. mai-bilder






















