Hopp til innhold

«No forstår alle kor avskyelege desse menneska er»

Hugh Grant er rasande på News of the World. – Dette er blitt ein politisk skandale, meiner ekspert.

Hugh Grant
Foto: NICOLAS ASFOURI / AFP

– Enten har News of the World dei verste redaktørane i verda. Eller så er dei løgnarar.

Kraftsalven kjem frå den kjende britiske skodespelaren Hugh Grant. Han har lite tru på at tidlegare redaktør i News of the World, Rebekah Brooks, ikkje visste at avisa dreiv ulovleg avlytting.

Høyr BBC-intervjuet med Hugh Grant her.

Tidlegare har det kome fram at den tabloide søndagsavisa har brukt private etterforskarar til å avlytta telefonsvararane til fotballspelarar, kongelege, politikarar og skodespelarar.

No har britiske aviser avslørt at også vanlege menneske sannsynlegvis har blitt avlytta.

LES OGSÅ: – Avlyttet telefonen til pårørende etter London-bombingen

Dette viser at det ikkje berre var rikfolk og kjendisar som vart avlytta.

Hugh Grant

Søt hemn for Hugh Grant

Rebekah Brooks, chief executive of News International

Rebekah Brooks var sjefredaktør i News of the World då avlyttinga skal ha skjedd.

Foto: Jon Super / AP Photo

– Dette viser at det ikkje berre var rikfolk og kjendisar som vart avlytta. No forstår folk kor avskyelege desse menneska er, og kor langt dei er villige til å gå. Eg håpar at dette vil gje konsekvensar, seier Hugh Grant til BBC.

Grant vart sjølv utsett for telefon-hacking av News of the World.

I april i år tok han hemn: han avslørte ved hjelp av skjult mikrofon kva arbeidsmetodar journalistane i News of the World brukte.

Les kva han fann ut her.

I morgon er seks år sidan eg mista sonen min. I den tida var me i familien i ein mørk stad, så mørk som det går an å få det.

Graham Foulkes, etterlaten etter terrorangrepet i London

LES OGSÅ: Cameron ville ikkje be Brooks gå

«Ei mørk sak»

– Dette er frykteleg opprørande. seier Graham Foulkes til BBC.

Han mista sonen sin David i terrorangrepa mot undergrunnen i London 7. juli 2005.

I kaoset etter sjølvmordsbombene prøvde familien desperat å få tak i politi, sjukehus og kvarandre for å finna ut kva som hadde skjedd med den 22 år gamle sonen.

No har familien fått vite av politiet at desse telefonsamtalane kan ha blitt avlytta av News of the World.

– Avisa burde be om forlating for sine synder, men gjer det nok neppe, seier Foulkes, og legg til:

– I morgon er det seks år sidan eg mista sonen min. I den tida var me i familien i ein mørk stad, så mørk som det går an å få det. No ser det ut som at det finst folk som kan gjera dette endå mørkare. Om nokon lytta til samtalane, må dei bli straffa.

Rupert Murdoch

Rupert Murdoch eig store deler av den britiske pressa, inkludert News of the World.

Foto: JESSICA RINALDI / Reuters

Per Edgar Kokkvold

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, fryktar skandalen kan hindra ei fri britisk presse.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Pinleg for Cameron

News of the World er alt under politietterforsking for å ha hacka seg inn på telefonen til ei 13-år gamal jente som var meld sakna.

Avisa skal ha sletta meldingar på telefonsvararen, og slik gjeve håp til familien om at ho var i live. Ho vart seinare funne drepen.

Generalsekretær i Norsk Presseforbund og Storbritania-kjennar Per Edgar Kokkvold meiner saka er i ferd med å bli ein politisk skandale for David Cameron.

I januar gjekk pressesjefen til David Cameron, Andy Coulson, uventa av. Coulson var redaktør i News of the World mellom 2003 og 2007, altså då avlyttinga fann stad.

– Dette trekkjer dømekrafta til David Cameron i tvil, meiner Kokkvold.

Murdoch kontrollerer pressa

Per Edgar Kokkvold er svært skeptisk til korleis dei Rupert Murdoch-eigde avisene kommenterer skandalen. Medieimperiet til Murdoch eig ei rekke britiske aviser, inkludert News of the World.

– Måten The Sun omtalar saka på er kritikkverdig. Sjølv the Times og Sunday Times, som også er eigd av Murdoch, er meir forsiktige enn dei elles ville ha vore. Dette viser at det er viktig med forskjellige eigarar, seier Kokkvold.

Redaktørane veit kva Rupert Murdoch meiner, og dei tør ikkje utfordra han.

Per Edgar Kokkvold

Han trur ikkje Rupert Murdoch har instruert redaktørane til å tona ned saka.

– Det treng han ikkje. Redaktørane veit kva Murdoch meiner, og dei tør ikkje utfordra han, seier Kokkvold.

Per Edgar Kokkvold fryktar samstundes at skandalen kan bli utnytta av politikarar som ønskjer å knebla den uavhengige pressa.

– Dette er eit «takk for sist» til pressa. Det er ikkje lenge sidan den meir seriøse delen av pressa avslørte ulovleg pengebruk blant politikarane. Eg fryktar at skandalen kan føra til nye reglar som gjer ting vanskeleg for denne delen av pressa.

Høyr Kulturnytt si dekning av skandalen her:

KVA MEINER DU OM SKANDALEN?

KOMMENTER HER!

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)