Hopp til innhold

Lady Blunt sette prisrekord

Stradivarius-fiolinen «Lady Blunt» vart mandag kveld seld til ein anonym kjøpar for nesten 10 millionar pund, eller nærare 90 millionar kroner – den høgste kjende salsprisen for eit instrument.

Lady Blunt, Stradivarius-fiolin

Lady Blunt er ein av dei aller best bevarte Stradivarius-fiolinane i verda, og har sett fleire prisrekordar i løpet av det siste hundreåret.

Foto: Tarisio

Det var japanske Nippon Music Foundation som selde den berømte fiolinen, som har tilnamnet etter sin første kjende eigar Lady Anne Blunt. Dei avgjorde etter dei tragiske hendingane i Japan i vår at dei ville selje instrumentet til inntekt for dei som er ramma av jordskjelv eller tsunami.

Les meir om fiolinen: Lady Blunt kan setje ny rekord

– Stemninga var avmålt

Lady Blunt vart seld gjennom auksjonshuset Tarisio i London, og budgjevinga skjedde primært på nettet. Budrunda stoppa på 8,75 millionar pund, men med provisjon til auksjonhuset kom instrumentet på 9,808 millionar – med dagens kurs tilsvarer det 88 millionar kroner.

Prisen er meir enn 30 millionar høgare enn den tidlegare rekorden, men utløyste likevel ikkje dei store jubelscenene:

– Stemninga var avmålt i miljøet etter auksjonen, fortel Øystein Birkeland. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på instrument av denne typen, og følgde gårsdagens hendingar på nært hald i London.

– Det låg forventingar i lufta om at kjøpesummen kunne bli endå høgare. Samstundes innser folk at det er slik marknaden er nett no, og at dette var ein realistisk pris for instrumentet.

– Marknaden har vore solid i 100 år

Øystein Birkeland er kunstnerisk leiar for Dextra Musica, eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen som kjøper inn toppinstrument norske musikarar får bruke. Han er glad for at prisen ikkje vart endå meir astronomisk:

– Marknaden for slike instrument har vore heilt solid i 100 år, seier han.

– Det siste vi ønskjer er at marknaden skal bli spekulert i senk av kjøparar som berre er ute etter kortsiktig vinning. Det gunstigaste er ein stødig prisauke, og slik sett er utfallet av auksjonen veldig bra.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.