Hopp til innhold

Gjorde sjukdommen om til kunst

Tim Andrews starta modellkarrieren etter at han vart diagnostisert med Parkinsons sjukdom. Sidan då er han blitt portrettert av meir enn 100 fotografar.

Tim Andrews vart diagnostisert med Parkinsons i 2005, då han var 54 år. I løpet av dei siste tre åra har han blitt fotografert av over 100 av dei beste britiske fotografane, inkludert Rankin, Mike McCartney, Jillian Edelstein og Harry Borden. Fleire av bileta viser tydeleg symptoma på sjukdommen.

Det starta i mai 2007 då Andrews svarte på ein annonse i «Time-Out», der den velkjente fotografen Graeme Montgomery søkte etter modellar til ei bok med nakenfotografi. Etter å ha stilt som modell for han, heldt mannen fram med å svare på liknande annonsar frå fotografar som trengde portrettmodellar.

Fekk sitt eige prosjekt

I 2008 søkte fotografistudenten Daisy Lang etter menneske med sjukdommar som var villige til å la seg fotografere til avgangsutstillinga hennar. Andrews vart merksam på kor mange fotografar som var ute etter modellar.

Han bestemte seg for at han ville halde fram med å vere modell for mange ulike fotografar etter kvart som sjukdommen avanserte og innsåg at han hadde eit eige prosjekt.

Nokre fotografar har portrettert sjukdommen, medan andre har invitert Andrews til å ta del i sine eigne prosjekt eller portrettert mannen.

The Lightbox i Woking, England, stilte ut nokre av desse bileta av Andrews tidlegare i år.

BRITAIN/

Tim Andrews har posert for meir enn 100 fotografar dei siste tre åra. No reiser han til New York for å jobbe som modell der.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

– Avhengig av at nokon tør vise seg

Generalsekretær i Norges Parkinsonforbund, Magne Wang Fredriksen, meiner Andrews gir diagnosen eit ansikt gjennom prosjektet.

– Sjukdommen og symptoma som følgjer med den er svært visuelle og eignar seg godt for bruk til bilete og film. Å bruke kunst som uttrykksform for å formidle korleis det er å ha Parkinson er ein effektfull og positiv kommunikasjonsveg. For større forståing av kva sjukdommen inneber og kven som lever med den, er heile parkinsonsamfunnet avhengige av at nokon tør å vise seg, seier han til NRK.no.

Han trur mange har ei vag oppfatning av at sjukdommen handlar om stive, immobile menn utan ansiktsmimikk.

– Parkinson rammar tilfeldig og for mange er det ein sjukdom som er knytt til ei oppfatning om ein gammalmannssjukdom. Det skapar mange unødvendige hinder for dei som lever med diagnosen. Desse bileta vil kunne appellere til mange som elles ikkje ville ha brukt tid på å oppdage sjukdommen. Menneske med Parkinson er ofte kreative og spanande menneske som har ei historie å fortelje, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Over the hill

'Over the hill' av Roberto Foddai.

Foto: Roberto Foddai

– Ei fascinerande reise

Det har ikkje lukkast NRK.no å kome i kontakt med Tim Andrews, men han har tidlegare sagt dette om prosjektet:

– Det har vore ei fascinerande reise. Eg har alltid elska fotografi, men aldri hatt tolmodet eller evna til å fotografere sjølv. Ved å vere modell har eg fått samarbeide med fantastiske kunstfotografar - mange av dei ville eg elles ikkje møtt - og vere del av den kunstnariske fotoprosessen, seier Andrews i ei pressemelding.

Inntektene frå bileta som er selt skal gå til Parkinson UK, søsterforeininga til Norges Parkinsonforbund. No reiser Andrews til New York for å prøve seg som fotomodell der, ifølgje The Guardian.

Sjå korleis The Guardians fotograf Chris Floyd portretterte Andrews:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Les fleire fotosaker på nrk.no:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober