Hopp til innhold

Vogue set plussmodellar på coveret

For første gong har italienske Vogue tre modellar i storleik «pluss» på forsida. Det vil gå langt mellom slike oppslag dersom ikkje motebransjen sjølv tek tak, meiner Elle-redaktør.

Vogue

Tara Lynn, Candice Huffin og Robyn Lawley poserer utfordrande på coveret av italienske Vogue, det mest prestisjetunge motemagasinet i verda. Er det eit teikn på at ideala i motebransjen er i endring?

Foto: Skjermdump: Vogue.it

Stjernefotografen Steven Meisel står bak reportasjen, med tittelen «Belle Vere» på framsida - den vakre sanninga. Dei tre frodige modellane Tara Lynn, Candice Huffin og Robyn Lawley poserer utfordrande i designklede av merket Givenchy.

– Det er bra at ein så sentral aktør som italienske Vogue gjer dette, det gir ein signaleffekt, seier sjefredaktør Signy Fardal i Elle til NRK.no.

Signy Fardal

Sjefredaktør i norske Elle, Signy Fardal, trur ideala i motebransjen er byrja å endre seg, men at lite vil skje før dei store motehusa produserer klede i større storleikar.

Foto: Nicholas Cronard

Men redaktøren trur det framleis vil gå langt mellom slike oppslag, dersom ikkje dei store motehusa tek tak og produserer klede i større storleikar.

Skuldar på dei store motehusa

– Ein kan vie ei utgåve eller eit cover til frodige modellar ein gong i året, for slik å vaske hendene sine reine. Men eg skulle ønskje at det var lettare å finne modellar i storleik 40 og prøvekolleksjonar i slike storleikar, slik at dette kunne bli ein naturleg del av motemagasina, seier Fardal.

Ho meiner det er komplett umogleg å få dette til utan større storleikar og modellar. Standard prøvekolleksjonar frå dei store motehusa er i storleik 34 og 36.

Modellar som brukar storleik 38 eller meir vil difor ofte bli merka som «plus-size»-modellar.

Fardal påpeikar at franske Elle i fjor via ei eiga utgåve av magasinet til former, med frodige modellar i alle reportasjar i bladet. Norske Elle trykte ein reportasje om bademote frå dette magasinet, med Tara Lynn som modell.

Fleire motereportasjar det siste året peikar mot eit meir mangfaldig kroppsideal:

  • I april hadde franske Vogue ein plussmodell på framsida.
  • V Magazine kom i fjor med ei utgåve som utelukkande var via til frodige modellar.
  • Modellbyrået Ford har laga ei såkalla «curvy book» med sine plussmodellar for å promotere dei betre.
  • Beth Ditto, som syng i bandet The Gossip, er utpeika til muse av designar Karl Lagerfeld og var naken på coveret av Love magazine i fjor.

Ledd i anoreksi-kampanje

Vogue

Slik ser heile coveret ut.

Foto: Skjermdump: Vogue.it

Vogue mai

Slik såg maicoveret til Vogue Italia ut, med ein slank modell slik vi er vant med å sjå i motebladet.

Foto: Skjermdump: Vogue Italia

Italienske Vogue har lenge hatt ei kampanje gåande i kampen mot anoreksi, og sjefredaktør Carla Sozzani seier at dette coveret er eit ledd i den kampanjen.

– Fleire lesarar ønskjer no å sjå ei ekte verd, til og med i moteblada, med folk som ikkje er sjukeleg opptatt av å vere tynne, men kan respektere dei naturlege kroppane sine slik dei er, seier ho ifølgje Daily Mail.

Motebladet lanserte i februar nettstadane «Vogue Curvy» og «Vogue Black», med frodige og farga modellar, i staden for å inkludere dei på hovudnettstaden.

– Kynisk

Sjefredaktør i det danske motebladet Cover, Chris Pedersen, meiner «plus-size»-stuntet berre handlar om å få mest mogleg merksemd.

– Det er kynisk, men når blad som franske og italienske Vogue gjer dette, handlar det om merksemd. Det er eit marknadsføringsstunt, seier han til DR Kultur.

Fardal trur vi kan stole på at det Sozzani seier i alle fall delvis er hensikta, men legg heller ikkje skjul på at det er eit godt PR-stunt.

– Det er det mest prestisjetunge motemagasinet i verda og kjempebra at dei gjer dette. Sjølvsagt gir det god PR, men det er også ein veldig fin moteserie, og del av ein større trend. Kanskje ser vi eit litt anna kroppsideal i motebransjen om ti år, seier ho.

Les også:

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.