Hopp til innhold

Twitter utleverte brukarinformasjon

Britiske myndigheiter tok Twitter for retten i California. No har nettsamfunnet utlevert informasjon om ein anonym brukar, som er skulda for å ha ærekrenka myndigheitene.

Twitter

Ahmed Khan, tilsett i South Tyneside council, brukte fleire anonyme Twitter-kontoar for å varsle om systemsvikt. Kommuna tok Twitter for retten i California for å få informasjon om Khan.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Twitter vart tvinga til å gi ut informasjon om ein anonym brukar til dei lokale myndigheitene i South Tyneside, England. Det er eit landemerke i debatten om Internett, personvern og ytringsfridom, skriv The Guardian.

Ahmed Khan blir skulda for å stå bak ei rekkje anonyme Twitter-kontoar, der det har kome ytringar om South Tyneside council. Han er sjølv tilsett der og nektar for at det er han som står bak ytringane.

Vart varsla på e-post

Jon Wessel-Aas

Jon Wessel-Aas meiner utviklinga er skremmande med tanke på vernet av varslarar.

Foto: Nina Didriksen

Tidlegare denne månaden fekk han ein e-post frå Twitter om at nettstaden hadde overlevert informasjon om han til myndigheitene: Namn, e-postadresse og telefonnummer. Khan hevdar i The Guardian at informasjon relatert til alle Twitter-kontoane hans, inkludert meldingar frå andre, er blitt utlevert myndigheitene.

– Ei rekkje varslarar har sendt meg private meldingar, som avslører det som er gale i kommuna, og myndigheitene veit dette, seier han.

NRK-advokat Jon Wessel-Aas seier at det ikkje er kontroversielt at ein er like ansvarleg for sine ytringar på Twitter som i andre offentlege fora, men at utviklinga er skremmande med tanke på forholda for anonyme varslarar.

– Mange offentlege tilsette føler seg friare til å delta i debatten på Twitter under eit anna namn. Det er litt skremmande om det skal vere så lett å avsløre varslarar overfor myndigheitene. Dette er ei påminning om at ein på Twitter ytrar seg i det offentlege rom, like mykje som om ein skulle skrive eit debattinnlegg i avisene, seier han til NRK.no.

– Twitter er berre ei publiseringsplattform, det fins ingen redaktør. Difor må ein stå for alle ytringane sjøv og det er ikkje noko kjeldevern på same måten som i media. Men dersom ein er anonym er det vanskelegare å forfølgje ytringane, seier han.

Ikkje første gong Twitter blir pressa

South Tyneside council tok saka heilt til ein domstol i California, fordi det er i San Fransisco Twitter har hovudkontor.

Det vert rekna for å vere første gong at Twitter bøyer av for press frå domstolane for å identifisere anonyme brukarar, ifølgje The Guardian.

Twitter skjermdump

Twitter har måtte dele ut informasjon om anonyme Twitter-kontoar, etter ei rettsavgjerd i California.

Men det er ikkje første gong Twitter blir pressa av myndigheitene for informasjon. I vinter brukte det amerikanske justisdepartementet Twitter for å leite etter folk som hadde kontakt med Wikileaks-gründer Julian Assange. Då gjekk sjefane bak Twitter til retten for å få rett til å kontakte brukarane som stod i fare for å bli avslørt.

Spesielt i Storbritannia har Twitter skapt problem for domstolane. Fotballspelaren Ryan Giggs gjekk nyleg til sak for å anmelde alle brukarane som hadde omtalt utruskapsforholdet han hadde til Big Brother-deltakaren Imogen Thomas på Twitter.

Ved bruk av superinjunctions, eller superforføyningar, kan kjendisar stoppe media frå å identifisere dei i slike tilfeller. Det er rettslege avgjerder som stoggar medieomtalen, og fleire aviser har protestert kraftig mot dette.

Mellom anna hadde The New Sunday Herald ei forside dekt av ansiktet til Ryan Giggs, der berre augene var sensurert og overskrifta var: «Vi veit alle kven dette er, men vi har ikkje lov å seie det».

Les også:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)