Hopp til innhold

Hylla Dylan med ny låt

Jenny Hval opna sin kontorkonsert hos Ervingen i Bergen med ein heilt ny låt, «The Seer», som ho tileigna tirsdagens jubilant Bob Dylan. Sjå heile konserten her!

Video Kontorkonserten med Jenny Hval

Jenny Hval under tirsdagens kontorkonsert i Bergen. (Stillfoto: Fred Olav Vatne)

– Vi øvde inn denne under lydsjekken, til ære for Bob Dylans 70-årsdag, avslørte Jenny Hval etter å ha framført den nye låten live på NRK.no og på P2.

Det er først dei siste åra Hval har høyrt mykje på Dylan, som ho tidlegare assosierte med «gamle gubbar og musikkjournalistar med hatt».

– Han er med i låten som ein slags ufrivillig forgylla bronsestatue. Han har skrive mange gode låtar, og for mange er han sjølve symbolet på kva ein artist skal vere, men all mystikken rundt han er jo skapt av journalistane og oss andre rundt.

Jenny Hval

Jenny Hval og Kyrre Laastad under urframføringa av «The Seer».

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Det var som om vi innvigde rommet

Den siste av vårens kontorkonsertar fann stad på den hittil minste arbeidsplassen, nemleg hos Bergen ungdomslag Ervingen i Bergen. Jenny Hval var svært fornøgd med konsertlokalet:

– Det var veldig fint å spele her, eg likte til dømes at det kom ein del lyd inn frå trafikken utanfor, som vart ein del av lydbiletet, sa ho etter konserten.

– Det var noko rituelt over det heile, som om vi innvigde rommet , eller dreiv ut ei kontorånd – ein kontorutdrivelse, kanskje?

Jenny Hval med band

Jenny Hval, gitarist Håvard Volden og trommeslagar Kyrre Laastad fann seg godt til rette i Ervingens lokaler.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Åh ja, vi skal ha konsert!

Berre tre personar jobbar i kontorlokala til dagleg, og dei visste ikkje ein gong om at arbeidsplassen deira var påmeldt då NRKs utsending kom innom for å vurdere sendeforholda frå lokalet.

– Det var leiaren og nestleiaren vår som stod for initiativet, vi visste ingenting, seier Gro Vetås, som måtte overlate pulten sin til trommis Kyrre Laastad tirsdag ettermiddag.

– Det var veldig spennande å vente på den endelege avgjerda, og då vi fekk beskjeden om at konserten vart her, jubla vi, «åh ja, vi skal ha konsert her»!

Borghild Opdahl og Gro Vetås

Borghild Opdahl (til venstre) inviterte Jenny Hval til Ervingens kontor utan at Gro Vetås og dei andre tilsette visste det.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Sjå dei andre kontorkonsertane

Konserten med Jenny Hval var den niande og siste av vårens serie med kontorkonsertar. Konsertane er eit samarbeidsprosjekt mellom NRK og MIC Norsk Musikkinformasjon, og ein ny serie til hausten er under planlegging.

Mellom dei andre artistane som har besøkt kontorkonsertane er Bigbang, som spelte hos datafirmaet Prediktor i Fredrikstad , og Susanne Sundfør, som spelte hos arkitektane i LPO i Oslo .

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober