Hopp til innhold

Ho er den mektigaste kjendisen

Lady Gaga kastar Oprah Winfrey ned frå førsteplassen på Forbes-liste, mykje takka vere sosiale media. Sjå lista over dei mektigaste kjendisane her.

Lady Gaga

Lady Gaga er den mektigaste kjendisen i verda, ifølgje magasinet Forbes. Mykje takka vere fanskaren 'Little Monsters'.

Foto: Ap
Leonardo DiCaprio

Leonardo DiCaprio er den som klatrar mest på lista i år, takka vere filmhitane 'Inception' og 'Shutter Island'.

Foto: Shizuo Kambayashi / Ap
Justin Bieber fra Vanity Fair

Justin Bieber har fått mykje medieomtale i året som gjekk. Han var mellom anna 'posterboy' for Vanity Fair.

Foto: Art Streiber / Ap
Rafael Nadal

Rafael Nadal tener ikkje berre pengar på tennisen. Det siste året har han gjort store reklamekampanjar for Nike, Bacardi og Giorgio Armani.

Foto: ALBERT GEA / Reuters
Lionel Messi

Lionel Messi tener gode pengar hos Barcelona. Det gir ein plass på lista til Forbes.

Foto: Manu Fernandez / Ap

Kvinnene og mennene på Forbes si liste over dei 100 mektigaste kjendisane i verda har til saman tent inn 4,5 milliardar amerikanske dollar dei siste tolv månadane. Men dei har også nådd toppen ved å skaffe seg mektig påverknad gjennom medieomtale, og ikkje minst sosiale media.

På topp er popfenomenet Lady Gaga, som klatrar fire plassar frå i fjor.

«Little Monsters» får æra

Lista har kome ut årleg sidan 1999 og måler kven som er den mektigaste kjendisen i underhaldningsindustrien ved å sjå på inntekt, medieomtale og popularitet i sosiale medier. Den er basert på inntektene mellom 1. mai 2010 og 1. mai 2011.

Forbes rangerte Gaga på første plass, ikkje berre grunna inntekta på 90 millionar dollar i året som gjekk, men hennar 32 millionar Facebook-følgjarar og ti millionar Twitter-følgjarar.

– Lady Gaga slo Oprah dette året på grunn av hennar popularitet i sosiale media. Ho veit å bruke Twitter og Facebook til å oppmuntre sine «små monster» (kallenamnet til fanskaren, journ.merkn.), noko som leier til rekordstort platesal og medieomtale. Ho er det beste eksempelet på korleis kjendisar i framtida må byggje karrierene sine, skriv Forbes-redaktør Dorothy Pomerantz i grunngjevinga.

«Little Monsters», som fanskaren til Lady Gaga blir kalla, stod nyleg for éin million digitale nedlastingar av singelen «Born This Way» på knappe fem dagar.

Oprah på veg ned?

Oprah Winfrey, som nyleg spelte inn siste episode av sitt populære talkshow, mistar førsteplassen på lista i år. Det er berre tredje gong på sju år at Oprah gir frå seg førsteplassen, men magasinet spår at kjendisen vil få vanskar med å erobre den igjen.

Ho skal framover fokusere på sitt eige TV-nettverk, OWN, som slit, ifølgje Forbes. Winfrey klarer seg likevel meir enn godt nok på andreplass, med ei inntekt på 290 millionar dollar.

The Biebs, eller Justin Bieber, har kome seg langt i ein alder av 17 år. Han er den yngste på lista, heilt oppe på tredjeplass. Han tente 53 millionar dollar, størsteparten på filmen om seg sjølv, «Never Say Never».

Også han har lukkast med bruken av sosiale media. Ray Kay-regisserte «Baby» vart sett av 500 millionar på YouTube og fanskaren «The Beliebers» er ivrige etter å dele favorittmusikken sin på Internett.

DiCaprio klatrar høgt

Leonardo DiCaprio har klatra lengst på lista i år, 56 plassar opp til ein 15. plass. Han har opplevd stor suksess med filmane «Shutter Island»og «Inception», og sistnemnte var på sjetteplass av filmar i 2010 som tente mest pengar.

Ikkje mindre enn 825 millionar dollar tente filmen globalt, og det er ein stor faktor til at DiCaprio hadde ei inntekt på 77 millionar dollar dei siste tolv månadane.

Hardt arbeid betaler seg, også i kjendisverda. Det britiske rockebandet Muse har halde på sidan 1997, men er først i år inne på lista på ein 34. plass. Etter mykje turnering og sju album er pengane verkeleg byrja å strømme inn på kontoen.

Sportsstjerner med reklamesuksess

Både tennisesset Rafael Nadal og forballspelaren Lionel Messi dukkar opp på lista for første gong, og ikkje berre grunna sportsprestasjonane sine.

Nadal tente 10,5 millionar dollar i prispengar i fjor, men store reklamekampanjar er noko av grunnen til at han har nådd 46. plass. Han har tent mykje pengar på avtalar med Nike, Giorgio Armani og Bacardi.

Messi signerte nettopp avtale med Dolce & Gabbana, og tener allereie gode pengar gjennom merker som Adidas og Pepsi.

Desse fall ut

Magasinet merkar seg at Britney Spears, som var nummer seks i 2010, ikkje nådde lista i det heile tatt i år fordi ho ikkje turnerte.

Også Daniel Radcliffe, stjerna i Harry Potter, datt ut av lista. Han var nummer 82 i fjor, men får det «tøffare» no som «Harry Potter»-filmane nærmar seg slutten.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.