I eit intervju med Oprah Winfrey i går uttalte hertuginna av York, Sarah Ferguson, at dottera Beatrice skulle selje hatten, som er signert den respekterte hattemakaren Philip Treacy.
– Ho legg den ut for sal på Ebay for å samle inn pengar til Unicef og barn i krise, sa Ferguson, ifølgje The Telegraph.
Antrekka til prinsesse Beatrice og systera Eugenie vakte stor oppsikt under det kongelege bryllaupet i Storbritannia. Dei fekk slakt av dei fleste motekritikarane.
– Hatten var ikkje spesielt flatterande, sa Kathrine Sørland til NRK.no, men gav det totale antrekket til Beatrice terningkast fire.
Les alt om det kongelege bryllaupet:
Glad for kontroversen
Hatten har fått kultstatus på Internett. Bloggar, Twitter og Facebook har vore fylt med syrlege kommentarar om den oppsiktsvekkjande, kreativt utforma hatten. 136.000 har meldt seg inn i Facebook-gruppa som er dedikert til hatten.
Fleire manipulerte foto er lagt ut på Internett, nokre forestiller president Barack Obama i den, andre har klipt inn ein katt eller eit toalett i den store hatten.
Prinsessa har forsvart hatten i etterkant.
– Eg er glad den skapte så mykje kontrovers, sa ho til magasinet Grazia nyleg.
Mannen bak kreasjonen, Philip Treacy, stod bak dei fleste av gjestane sine hattar i bryllaupet, inkludert Victoria Beckham sin, som i motsetnad til prinsesse Beatrice fekk mykje skryt for antrekket sitt. Treacy forsvarar hattane han lagde til Beatrice og Eugenie.
– Eg synest dei såg vakre ut. Det handlar om å få dei til å føle seg som ein million dollar, sa han til Grazia.
Kva syns du om hatten? Legg inn din kommentar her!