Hopp til innhold

Obama fekk vitsehjelp frå TV-show

Donald Trump-vitsane i denne Obama-talen er skrivne av manusforfattaren i «The Daily Show with Jon Stewart», TV-programmet som har blitt ekspertar på politisk satire.

Video Barack Obama raljerer over Donald Trump

Barack Obama raljerer over Donald Trump i Det kvite hus under ein middag.

Donald Trump

Donald Trump trekte så vidt på smilebandet då president Obama harselerte med han under ein middag i Det kvite hus.

Foto: MATTHEW CAVANAUGH / Afp

Det vekte oppsikt då president Barack Obama førre laurdag gjekk ut mot Donald Trump i ein tale.

Under ein middag i Det kvite hus raljerte han med presidentambisjonane til mangemilliardæren, i det som har blitt omtalt som «eit stand-up-show». Publikum lo hjarteleg, og Obama har fått mykje skryt i etterkant.

No viser det seg at det ikkje berre er Obama sin naturlege humorsans som er opphavet til vitsane. Ein av manusforfattarane bak «The Daily Show with Jon Stewart» hjelpte presidenten med å vere vittig.

Tok jobben uavhengig

Manusforfattaren Kevin Bleyer skreiv delar av talen, ifølgje The Hollywood Reporter .

Bleyer tok jobben uavhengig av «The Daily Show» og var den einaste frå TV-programmet som gav Obama vitsehjelp.

Det satiriske humorprogrammet er kjent for å harselere med politikarar, og det er blitt nesten ei fast spalte av at programleiar Jon Stewart kritiserer den amerikanske presidenten.

Stewart gjorde nyleg narr av feiden mellom Obama og Trump. I spalten «Believe it or believe it» kritiserte han media for å dekkje skuldingane frå Trump om at Obama ikkje eigentleg er amerikansk.

  • Sjå innslaget HER

Obama var den første presidenten som deltok i det populære talkshowet i 2010. Han kom med svært få spøkar i den opptredenen og fekk kritikk for å vere for alvorleg.

Kritikken har han tydelegvis tatt på alvor.

(Artikkelen held fram under biletet)

US-POLITICS-OBAMA-DAILY SHOW

Barack Obama er den første amerikanske presidenten som har dukka opp i The Daily Show with Jon Stewart. Ein av manusforfattarane i showet skreiv vitsar for Obama nyleg.

Foto: JIM WATSON / Afp

Ikkje nøgd med Matt Damon

Obama svarte i den morosame talen på skuldingane frå Trump om at han ikkje skal vere amerikansk, slik ein må vere for å bli president. Nyleg offentleggjorde han sin eigen fødselsattest og det vart ei stor mediesak i USA.

– I tilfelle det er fleire spørsmål rundt dette, er eg førebudd på å gå eitt steg lenger. I kveld vil eg for første gong vise fram min offisielle fødselsvideo, sa Obama.

Matt Damon

Obama er ikkje nøgd med Matt Damon sin innsats i 'The Adjustment Bureau'.

Foto: Evan Agostini / Ap

Kjendisar, journalistar og politikarar var blant dei inviterte til middagen og videoen har gått sin seiersgang på Internett. Obama gjorde også narr av TV-karriera til Trump.

– Dei fleste kjenner kvalifikasjonane dine og det du har utretta, sa han og viste til ei episode av «Celebrity Apprentice».

– Du identifiserte den dårlege leinga. Difor skulda du ikkje på Lil Jon eller Meat Loaf. Du sparka Gary Busey. Det er den type avgjerder som ville halde meg vaken om natta. Bra jobba, sa Obama ironisk.

Presidenten gikk også ut mot Matt Damon, som nyleg uttalte at han var skuffa over det Obama har oppnådd som president.

– Vel, Matt, eg såg nettopp «The Adjustment Bureau», så takk det same, kompis! sa den amerikanske presidenten.

  • Kva synest du om at «The Daily Show» hjelpte Barack Obama med å vere vittig? Diskuter under.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)