NRK og MIC arrangerer i vår ein serie med kontorkonsertar, og i mars bad vi arbeidsplassar i Fredrikstad
.60 datanerdar som trong livsgnist
Datafirmet Prediktor presenterte seg som
, og trakk det lengste strået.– Dette var heilt fantastisk, sa Cecilie Holte, som melde Prediktor på konkurransen.
– Eg synest Bigbang er eit veldig spennande band, eg har fleire plater og var på konserten deira i Fredrikstad for nokre veker sidan. Det var utruleg gøy å høyre dei her.
– Eg er ganske god til å kopiere
Mange som jobbar på kontor drøymer nok om ein musikars frie liv, men Bigbangs frontfigur Øystein Greni snudde problemstillinga på hovudet:
– Eg er sikker på at alle musikarar som er ute og reiser – som sit på flyplassar, i bilar eller på dårlege backstagerom – drøymer om å ha jobb på eit kontor, sa Greni då han innleidde konserten.
Heilt utan kontorerfaring er då heller ikkje gitaristen og vokalisten:
– Eg jobba på eit kontor då eg hadde sivilteneste, så eg er ganske god til å kopiere, og til å lage kaffi, sa han etter konserten.
Toppa VG-lista i fire veker
Bigbang slapp sitt åttande studioalbum Epic Scrap Metal tidleg i mars, og plata hausta solide kritikkar både i NRKs Lydverket, Aftenposten, Dagbladet og VG.
Epic Scrap Metal gjekk dessutan rett inn på toppen av VG-lista og vart liggande der i fire veker.
Sundfør til arkitektkontor
For eit par veker sidan bad vi arbeidsplassar i Oslo om å
. Meir enn 70 bedrifter melde si interesse – vinnaren vart arkitektkontoret LPO i Oslo, og du kan følge konserten på NRK.no tirsdag 26. april.Her kan du sjå dei andre konsertane i serien: