19.05.2013

Norsk jubelkveld i Wien

Bergen-filharmonien opna konserten sin i Wien med Richard Wagners ouverture til «Den flygande hollendar».

Bergen-filharmonien stilte med ein av Austerrikes mest populære musikarar på laget og ny norsk musikk på programmet då dei spelte i Wiener Konzerthaus laurdag kveld. Kvelden enda med stormande applaus frå ein fullsett sal.

Det er truleg ingen stader i verda klassisk musikk har like stor prestisje som i Wien. Laurdag kveld heldt Wien-filharmonien konsert nokre steinkast unna, og operaen Anna Bolena hadde premiere med superstjernene Anna Netrebko og Elīna Garanča.

Bergen-filharmoniens konsert i Grosser Saal med 1865 seter var likevel heilt utseld. Det har også dei andre konsertane under den tovekers Europa-turnéen vore, og i løpet av to veker kjem rundt 15 000 til å ha høyrt orkesteret.

Austerriksk stjerneslagverkar

Martin Grubinger (Foto: Fred Olav Vatne/NRK)

Martin Grubinger i Wiener Konzerthaus.

Foto: Fred Olav Vatne/NRK

Perkusjonisten Martin Grubinger er solist med Bergen-filharmonien under heile turneen. 27-åringen er allereie i verdstoppen på sine instrument, og svært populær i heimlandet Austerrike.

– Det er veldig spesielt for meg å spele her i byen, eg bur jo her, og mange av venene mine er her, sa Grubinger før konserten.

– Eg merkar at musikarane er ekstra motiverte i kveld. Dette er den klassiske musikkens hovudstad, og dei vil gjerne vise kva dei kan.

Martin Grubinger spelar frå Rolf Wallins «Das war schön!»

Briljerte med norsk musikk

Stykket Grubinger spelar under turneen er Rolf Wallins Das war schön!, som Grubinger bestilte frå Wallin.

– Eg hadde høyrt fleire verk av Rolf og var svært fascinert, eg var overtydd om han var rett mann å bestille ein konsert frå, forklarer Grubinger.

– Konserten er annleis enn alle andre perkusjonskonsertar, der det ofte er mykje kraftig trommespel og mykje høg lyd. Rolf gjer bruk av alle dei melodiske perkusjonsistrumenta, som marimba og vibrafon.

– Modig å opne med Wagner

Julian Diglio (Foto: Fred Olav Vatne/NRK)

Julian Diglio var ein av mange begeistra publikummarar i Wiener Konzerthaus.

Foto: Fred Olav Vatne/NRK

Mellom dei mange begeistra publikummarane vi traff i pausen, var den unge Wien-innbyggjaren Julian Diglio. Han er stolt over Wiens eineståande musikkliv, men kom til konserten fordi han også er interessert i kva andre land har å by på.

– Det er eit modig steg av orkesteret å ikkje opne med norsk musikk på ein slik turné, men med musikk av Wagner, seier Diglio.

– Dette er musikk Wien-publikummet kjenner svært godt. Som stor Wagner-fan må eg seie at orkesteret gjorde ein svært imponerande innsats.

Gode kritikkar

Orkesteret starta sin turné i Göteborg 26. mars, og har mellom anna vore innom Köln og Heidelberg. Frå Wien går turen vidare til München, Berlin og Stuttgart, før dei avsluttar turneen i Frankfurt 7. april.

Orkesteret har gjennomgåande fått flotte kritikkar for sine konsertar. Göteborgs-Posten skreiv til dømes at orkesteret er prega av «en påfallande fräsch och modern känsla».

Unntaket er Düsseldorfs Rheinische Post, som rett nok kallar Bergen-filharmonien «ein dyktig tropp i internasjonal medvind», men som oppsummerer orkesteret med orda «Ambitionierter Durchschnitt» – ambisiøst, men gjennomsnittleg.

Orkesteret har lagt ut lenker til alle konsertomtalane på sine heimesider.

– Eit høgdepunkt å få spele her

Oddmund Økland (Foto: Fred Olav Vatne/NRK)

Oddmund Økland er fagottist i Bergen-filharmonien.

Foto: Fred Olav Vatne/NRK

Musikarane i orkesteret legg ikkje skjul på at det er ekstra stas å få spele konsert i ein så prestisjefylt musikkby. Oddmund Økland er fagottist i orkesteret og set stor pris på turnélivet:

– Det er høgdepunktet for ein orkestermusikar å få reise til mekkaer som dette, seier Økland, som også er formann i orkesterets programkomité.

– Orkesteret har sett fram til turneen i eit år, og eg har jobba med planane endå lenger. No er vi endeleg her, og turnélivet er herleg.

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Bangladesh (Foto: Scanpix)

Helly Hansen er det første norske merket som forplikter seg til den femårige Accord-avtalen. Avtalen skal hindre katastrofer som da Rana Plaza kollapset i Bangladesh i april, og over 1000 mennesker mistet livet.

Foto: Scanpix

Helly Hansen gjør som H&M - skriver under på historisk avtale

Helly Hansen er det første norske klesmerket som skriver under på den forpliktende avtalen for brannvern og sikre tekstilfabrikker i Bangladesh.

Damien Hirst (Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos)

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.

Sindre Østgård er nettsjef i NRK. (NRK)

Uansett om du har Iphone, nettbrett, eller PC skal du få glede av NRKs nye nett-TV. Det mener juryen Nordiske Mediedager setter standarden for hvordan tv-avspillinger på nett skal fungere. Her er NRKs nettsjef Sindre Østgård med nettspilleren i bakgrunnen.

NRK

Pris til NRKs nye nettspiller

NRKs nye nettspiller vant prisen for «Årets digitale innovasjon» under prisutdelingen på Nordiske Mediedager i Bergen.