Hopp til innhold

Danskane skjemmest over dansk

Det er ikkje berre norske komikarar som harselerer med det danske språket - danskane sjølv likar det ikkje. No skal ein ny TV-serie og haldningskampanje stoppe språkhatet i Danmark.

Video Ut i vår hage: Kamelåså

Atle Antonsen tøysa med det danske språket i 'Uti vår hage'. I røyndommen er danskane sjølve misfornøgde med morsmålet sitt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei ny undersøking viser at danskane ser med skepsis på sitt eige morsmål.

– Vi utmerker oss i internasjonal samanheng med eit språkleg sjølvhat. Danskane synest ikkje dansk er fint. Vi skammar oss litt over det, seier Frans Gregersen til Kristeligt Dagblad.

Han er professor ved Københavns Universitet og står bak undersøkinga, som også viser at danskane ikkje forstår kvifor i alle dagar folk med andre nasjonalitetar vil lære seg språket.

Skal gjere det «sjovt» å snakke dansk

Eit språk som har blitt rakka ned på av mange nordmenn, mellom anna komikar Atle Antonsen i NRK-programmet «Uti Vår Hage».

Bodil Aurstad.

Bodil Aurstad er den første språkkoordinatoren i Norden. Ho trur danskane er redde for å seie at dei likar språket sitt.

Foto: Ukjent

Sjå: Danske språkproblemer (Ut i vår hage: Kamelåså)

Det danske språkrådet ser såpass alvorleg på situasjonen at dei har sett i gang ein kampanje som skal lære danskane å elske språket sitt.

Målet til språkkampanjen Gang i Sproget er å gjere det «sjovt» å snakke dansk.

Også Danmarks Radio kjempar for det danske språket. Søndag vart første episode av serien «Kampen om sproget» vist på DR2.

Den er laga i samarbeid med språkkampanjen mellom DR, det danske språkrådet, Dansklærerforeningen og Det Danske Sprog- og Litteraturselskab.

I serien spør ekspertane om det danske språket i det heile tatt har ei framtid.

Språkimperialistar

Leiar for nordisk språkkoordinasjon, Bodil Aurstad, trur danskane si historie som språkimperialistar ligg til grunn for det språklege mindreverdskomplekset.

– Når danskane framleis har i minne at dei har vore språkundertrykkarar, så er det kanskje litt vanskeleg for dei å rope «Hurra, vi har det beste språket i verda!» seier ho til NRK Radioselskapet.

Ho fortel at danskane berre snakkar dialekt med andre som er frå same plass, aldri foran andre.

Smålåtne?

Direktør i det danske språkrådet, Sabine Kirchmeier-Andersen, trur den kjende Jantelova ligg bak språkhatet.

– Eg trur det ligg litt i danskane sin tenkemåte. Språket er jo ein del av identiteten, og vi har ein lang tradisjon for å vere smålåtne med å framheve oss sjølve, seier ho til Kristeligt Dagblad.

Språkkoordinator Aurstad seier til NRK at det høyrest ut som om danskane brukar dei same lydane heile tida, men at det er feil.

– Det handlar om konsonantane deira, som vi synest verkar veldig mumlete og vokalane deira, som er vanskelege å høyre forskjell på, seier ho.

Lærer å snakke seinare

Tidlegare har undersøkingar vist at danske barn lærer seg å snakke seinare enn norske og svenske barn.

Svenske barn på 15 månader kan i gjennomsnitt cirka 130 ord, medan danske barn på same alder berre kan 80. Det danske språket har skulda, ifølgje språkforskarar.

Les: Ja, dansk er mer utydelig enn norsk

Men på eitt punkt er danskane betre enn både nordmenn og svenskar: Når dei først har lært seg å snakke, snakkar dei mykje raskare enn deira nordiske naboar.

DISKUTER: Kva synest du om det danske språket?

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober