Hopp til innhold

Nekta å avvise «Anonym»-rykte

Beate Nossum sa før Dagsnytt 18 gjekk på lufta fredag kveld at ho var forfattaren bak pseudonymet «Anonym». Då programmet gjekk på lufta, ville ho ikkje stadfeste det.

Beate Barth-Nossum

Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet for Beate Nossum når det kjem til spørsmålet om ho er forfattaren med pseudonymet «Anonym».

Foto: Hansen, Alf Ove / Alf Ove Hansen

Erling Kagge

Erling Kagge hevdar forfattaren er 'ein mann med stor M'.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX
Anne Gaathaug

Forlagssjef Anne Gaathaug vil ikkje løyse gåta.

Foto: Robert S. Eik / Scanpix
Marie Simonsen, morgenkåsør i P2

Politisk redaktør i Dagbladet, Marie Simonsen, må klare seg utan klare svar.

Foto: Lisa Strindberg

Etter år med spekulasjonar rundt kven som har skrive den satiriske boka «Kongepudler» og oppfølgjarane «Kindereggeffekten» og «Klassekamerater», innrømde i dag Anne Holt i eit blogginnlegg at ho er ein av forfattarane.

Forleggar Erling Kagge avviste dette , og sa at «Anonym» er «ein mann med stor M».

Og dermed var debatten igang igjen.

Mistanke mot Nossum

Dagsnytt 18 kalte inn forlagssjef Anne Gaathaug i Kagge Forlag og politisk redaktør Marie Simonsen i Dagbladet til studio og ringte opp leiar av samfunnsavdelinga i Burson-Marsteller, Beate Nossum.

Gaathaug er ein av få som veit kven Anonym er, Simonsen er politisk redaktør i ei avis som i fleire år har prøvd å avsløre identiteten, og Nossum har skrytt av lanseringstaktikken frå forlaget og samtidig fått retta mistankar mot seg om at ho sjølv er innblanda.

Dei tre skulle gjere det tydelegare for det norske folk om Anne Holt faktisk kunne vere den ukjende forfattaren.

Ingen klare svar

Før Dagsnytt 18 gjekk på lufta sa Nossum til NRK at ho var «Anonym», men at ho ikkje ville seie dette på lufta.

På direkte spørsmål frå programleiar Tomm Kristiansen: Er det du som er anonym? klarte ho ikkje å levere truverdige svar.

– Viss eg var det, ville eg ikkje ha avslørt det, svarte ho.

Kristiansen følgjer opp, og spør om ho er ein av fleire forfattarar.

– Hehe, det har eg ikkje lyst til å kommentere, svarte ho og gjekk over til å skryte av kor god ho meiner lanseringsstrategien for boka er.

Den fjerde boka til «Anonym» er i bokhandelen i desse dagar, og eit blogginnlegg og nokre uklare svar seinare, er plutseleg den hemmelege forfattaren (forfattarane?) i søkjelyset på ny.

Før Dagsnytt 18 rundar av, spør rogramleiar Kristiansen igjen Nossum: OK, er det deg, eller er det ikkje deg? Han får til svar: «Det vil eg ikkje svare på».

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Eit siste forsøk...

Tre gonger nekta Nossum å avklare sitt eventuelle forfattarskap. NRK.no gav ho ein fjerde sjanse.

«Anonym»har tidlegare sagt at han eller ho vil avsløre sin identitet om vedkommande blir stilt det presise spørsmålet: «Er du anonym?»

NRK.no ringjer Nossum og gjer nettopp dette.

– Ehm. Viss eg var det, ville eg ikkje ha avslørt det no, svarar ho og legg til.

– Eg trur ikkje vi får vite noko før siste boka er skriven. Såvidt eg kjenner til, så skal det komme ei bok til. Halve moroa er jo tanken om at vi ikkje veit kven dette er.

NRK konfronterer Nossum med «regelen» om at forfattaren må innrømme identiteten sin på direkte spørsmål.

Om Nossum faktisk er «Anonym», må ho innrømme det. Om ho ikkje innrømmer det, er ho ikkje «Anonym». Men Nossum vil ikkje vere med på ressonementet.

– Det finst ingen reglar her, flirer ho før ho oppfordrar journalisten om å kjøpe bøkene...

Dagen etter sendinga kontaktar Nossum NRK for å avkrefte at ho er «Anonym».

– Før sendinga spøkte eg litt med at eg er ukjend og difor anonym, men bestemde meg for at eg ikkje kunne seie det under sendinga. Eg sa ikkje at eg er «anonym», men eg har heller aldri sagt at eg er det, seier Nossum til NRK.no.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)