Hopp til innhold

Fam Irvoll erobra moteveka i Oslo

Frå barnekolleksjon og «Trollmannen frå Oz» til 3D-kreasjonar, drag queens og sigarettar. Sirkus Fam Irvoll tok over Oslo Fashion Week onsdag.

Hundrevis av menneske såg mellom anna popstjerne Elisabeth Carew og skodespelar Gitte Witt røyke seg nedover catwalken, akkompagnert av ein glitrande Mia Gundersen, då damekolleksjonen til Fam Irvoll for hausten og vinteren vart vist. Kontrasten var stor frå tidlegare på dagen, då ho viste barnemote inspirert av «Trollmannen frå Oz» på Oslo Fashion Week .

Fam-fan

Lene Alexandra

Lene Alexandra er Fam-fan og likte det ho såg på visningane onsdag.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Begge visningane trakk til seg mykje publikum, men det var vaksenkolleksjonen som vekte mest oppsikt. På første rad satt eit knippe norske kjendisar. Lene Alexandra var blant Fam-fansa, og var på plass både for å sjå damekolleksjonen, og barnekolleksjonen som vart vist tidlegare på dagen.

– Dette er kjempegøy! Eg er Fam-fan, seier ho.

– Dette er dei einaste visningane eg får med meg i år, sidan eg er opptatt med å studere. Då valde eg Fam sine, fordi dei brukar å vere dei beste. Ho har sin eigen stil, det skiller seg ut frå mengda, spesielt 3D-dekorasjonane hennar. Og så er ho ei utruleg sjarmerande og søt jente, seier Lene Alexandra.

– Klar for å møte menneske igjen

Fam Irvoll

Fam Irvoll viste både barne- og damekolleksjon under moteveka i Oslo.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Designaren sjølv gleder seg til å vere sosial igjen, etter å ha jobba med både smykke-, barne- og damekolleksjon dei siste månadane.

– Eg har ikkje hatt noko sosialt liv, eg har hengt med meg sjølv i tre månader. No er eg klar for å møte menneske igjen, seier Irvoll.

Kolleksjonen var inspirert av 50-talet og TV-serien «Mad Men», samt Dick Tracey. Det var tydeleg allereie frå startskotet av showet, med Mia Gundersen, eit swingband og -dansarar som sette an tonen. Nedover catwalken spankulerte kvinner og menn kledd i sterke fargar, polkadottar, hovudkreasjonar, sko med påklistra hender og sterk sminke.

Store sigarettar

Fam Irvoll

Fam Irvoll haust- og vinterkolleksjon 2011.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Ikkje minst var røyking eit gjennomgangstema i kolleksjonen, og fleire av modellane hadde fått store sigarettar påsydd kleda sine.

– Eg designar det som eg likar sjølv og har lyst å gå med. Det er sjølvsagt nokon av plagga mine som er meir kunstaktige, som ein ikkje kan gå med på gata akkurat, men eg miksar det outrerte med det brukarvennlege, seier Irvoll.

Gladskapens symbol

Trendforskar Michelle Orme har fulgt designaren lenge, og meiner å sjå ei endring i korleis det norske motemiljøet ser på Fam Irvoll som designar.

– Fam har tidlegare fått ros for å lage gode show, men no får ho også ros for det ho gjer, seier Orme.

Det har mellom anna med teikn i tida å gjere og eit skifte i korleis vi ser på det å kle oss.

– Fam er gladskapens symbol, og det treng vi etter ei finanskrise. I dag er det dessutan meir aksept for individuell stil, og i det biletet passar Fams design godt inn, seier trendforskaren.

Men Irvoll låner mykje frå 80- og 90-talet.

– Eg opplever ikkje Fam som innovativ, men kreativ. Ho brukar ein allereie etablert symbolikk, som ein kan kjenne att frå undergrunnsmiljøet i London på 80- og 90-talet. Ho er ei rockestjerne i moteverda, seier Orme.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.