Hopp til innhold

1000 såg norsk barnefilm i Berlin

I kveld såg 1000 personar verdspremieren på barnefilmen «Jørgen + Anne = Sant» under filmfestivalen i Berlin. Snart blir den å sjå på kinoar over heile Tyskland.

Jørgen + Anne = sant

Maria A. Tanderø Berglyd og Otto Garli spelar i «Jørgen + Anne = Sant». Filmen hadde i kveld premiere under filmfestivalen i Berlin.

Foto: Daniel Sannum Lauten / Filmweb

Det var mykje latter i salen då Berlinalen-publikummet fekk sjå «Jørgen + Anne = Sant» i kveld. Cirka halvparten av desse var barn.

– Det er veldig morosamt å vise den for så mange menneske, og litt rart fordi den blir dubba på tysk. Men folk ler og grin og er glade, så då er det kjempekjekt, uttaler regissør Anne Sewitsky til NRK i Berlin rett etter filmvisninga.

I januar var ho på Sundance-festivalen og vann pris for filmen «Sykt lykkelig» der.

I Berlin er det eit litt anna publikum.

– Det er mange barn her, sjølvsagt, og dei skrik og er mykje friare enn eit vaksent kinopublikum, seier ho.

Regissør Anne Sewitsky

Regissør Anne Sewitsky viser to filmar under Berlinalen. Barnefilmen hennar fekk god mottaking under verdspremieren i kveld.

Foto: Line Ramstad/ SF Norge & Cinenord Kidstory

Filmen er basert på ei bok av Vigdis Hjort og handlar om to tiåringar som blir forelska.

Kjøpt inn i Tyskland

«Jørgen + Anne = Sant» kjem også til å bli vist på fleire kinoar i Tyskland, sidan den er kjøpt opp av ein tysk distributør.

Fleire europeiske land snusar også på filmen, men det er ikkje stadfesta kva andre land som vil kjøpe den inn.

Otto Garli spelar rolla som Jørgen, i sin første spelefilm.

– Det er stort og skikkeleg kult å vise filmen her, seier han.

Han synest ikkje det er vanskeleg å spele forelska.

–Det er berre å føle seg inn i rolla, å føle seg som forelska og sånn, så går det som oftast greit. Eg har vore forelska før, det er sikkert nokon som veit det, røper han.

Suksess for norske barnefilmar

Kulturminister Anniken Huitfeldt er også på plass i Berlin.

– Dette betyr mykje for norsk film. Det er ei veldig sterk historie i denne filmen. Eg veit jo at norsk barnefilm er bra, men vart gripe av den på ein veldig sterk måte, fordi den ikkje berre var for barn, den var for vaksne også, seier kulturministeren.

Tre andre norske barnefilmar skal også visast i Berlin, som ein del av «Generation»-programmet.

Ein jury på elleve barn skal dele ut prisen «Krystallbjørnen» til vinnaren av desse filmane. Programmet er svært populært, og trekk rundt 50.000 besøkande i løpet av festivaldagane.

–Norsk barnefilm har veldig høg kvalitet, fordi den tek barn på alvor, og har ein stor del av det norske kinopublikummet. Den har slått mange rekordar dei siste åra. Gode seriøse filmfolk lagar barnefilm i Noreg, vi brukar dei beste, forklarar Huitfeldt.

«Sykt lykkelig» også på programmet

Filmfestivalen i Berlin, også kalt Berlinalen, er den største filmfestivalen i verda målt i forhold til publikumsinteresse.

Sewitsky vann i 2009 to prisar for kortfilmen «Oh My God» på Berlinalen. Den førre spelefilmen hennar, «Sykt lykkelig», visast også i Berlin, men utanfor konkurranse.

«Jørgen + Anne = Sant» har norsk premiere 25. februar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)