Forlating for syndene på Ipad

Her kan du få forlating for syndene dine, i den første app-en godkjent av den romersk-katolske kyrkja.
Foto: Skjermdump: Itunes/Little i AppsSkriftemålet har tatt vegen ut i den digitale verda, og det med godkjenning frå den romersk-katolske kyrkja. Ein ny app tilbyr deg forlating for syndene.
Publisert 09.02.2011 15:44.
- Skriv ut
No kan du få forlating for syndene dine for eitt pund og 19 pence, gjennom App Store. Biskopar i den romersk-katolske kyrkja har godkjent ein ny Iphone- og Ipad-app der brukarar kan skrifte for ein virtuell prest over Internett, skriv The Times.
Eigentilpassa synder
«Confession: A Roman Catholic App» kan bli brukt av både katolikkar og andre.
«Personar som har vore lenge vekke frå nattverden, vil sjå på denne app-en som eit nyttig og inviterande verktøy,» står det i nettbutikken App Store.

Pave Benedikt XVI har allereie sin eigen YouTube-kanal. No er den første romersk-katolske app-en godkjent.
Foto: Skjermdump fra The Vatican channelTenesta spør brukarane om å liste opp korleis dei har synda i det siste. Først må ein registrere namn og kjønn, og om ein er gift, singel eller ordinert, og når ein skrifta sist. Så vel ein eit skrifte-passord.
Ved hjelp av ein «eksaminator-knapp» kan brukaren leggje til eller fjerne eigentilpassa synder som sjalusi eller grådigheit.
Lag inventarliste
På app-en finn ein også tradisjonelle bøner både på engelsk og latin.
Ein kryssar av om ein har fornærma foreldra sine, familien, eller gløymd å rydde rommet sitt, og lagar slik ei inventarliste over synder, før ein trykkjer «Receive Absolution and respond, Amen.» Og voila! Opp kjem eit sitat frå ein katolsk helgen og du kan fortsette dagen med godt samvit.
Utviklarane bak app-en, Little Iapps, seier at app-en ikkje er meint å vere ei erstatning for vanleg skriftemål, men eit supplement.
Inspirert av paven
App Store
- Ein nettbutikk og eit program frå Apple, tilgjengeleg på Iphone, Ipod, Ipad, Itunes og Mac.
- Utviklarane kan utgi sine eigne produkt gjennom App Store, og 70 prosent av inntektene går til utviklaren, medan Apple får 30 prosent.
- Per september 2010 var det cirka 250 000 app-ar tilgjengelege i App Store.
- App tyder «application.»
Dei vart inspirert av Pavens melding på World Social Communications Day førre månad, der han oppfordra kristne til å bruke sosiale media. På denne dagen held paven årleg ei tale til heile verda, om sosial kommunikasjon.
– Målet vårt med dette prosjektet er å tilby ein digital applikasjon som er del av nye medier i tenesta til Ordet, sa ein talsperson for Little Iapps, ifølgje The Times.
Det er første gongen den katolske kyrkja har godkjent ein app for Iphone og Ipad.
Frå før av har Vatikanet sin eigen YouTube-kanal og Twitter-konto. Dei har også starta ein Facebook-app som lar brukarar sende virtuelle postkort med paven på.
- Les også: «Epleskatt» opprører mediabransjen
- «Nakenkrig» til politisk topphold
- Iphone-brukere saksøker Apple

Tenesta er å finne både på Ipad og Iphone.
Foto: Jeff Chiu/Ap

Publikums 17. mai-bilder























