Hopp til innhold

Originale Haydn-notar funne i Oslo

To unike Haydn-skisser har dukka opp i Nasjonalbibliotekets arkiv. Sjå Arve Tellefsen spele etter handskrifta til meisteren.

Video 0b6ffa75-e1c6-4ec2-b081-fb4a9ad4290c.jpg

VIDEO: Arve Tellefsen spelar etter originale Haydn-notar. Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein lyttar spent.

Arve Tellefsen har spelt Joseph Haydn før, men ikkje slik som dette. Øvst i høgre hjørne på notane han spelar etter kan ein tydeleg sjå signaturen til Haydn. Og den er ekte.

Det er to arrangement for stykka «The Braes of Ballenden», utgitt i 1803, og «Wandering Willie», utgitt i 1806, som mystisk har dukka opp i Nasjonalbibliotekets arkiv.

Dei vart oppdaga før jul, men det var først i dag at nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein kunne offentleggjere at dei sit på originale Haydn-manuskript, etter at nasjonalbiblioteket i Wien og Haydn-instituttet i Køln hadde konkludert med at handskrifta var ekte.

Sjå innslag frå Dagsrevyen:

Video Haydn-noter pakkes ut

Sjeldne

Arrangementa er av skotske og walisiske folketonar, og vart skrivne mot slutten av Haydns liv. Joseph Haydn arrangerte nærare 400 slike folketonar, og dei var svært populære i hans samtid.

Øyvind Norheim, førstebibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, fortel at det i dag berre finst to andre bevarde skisser av Haydn sine arrangement av skotske folketonar, èin i London og èin i Paris.

– Dette er eit svært interessant funn, meiner han.

Stykka er tidlegare spelt inn av plateselskapet Brilliant med songarane Lorna Anderson og Jamie McDougall saman med klavertrioen Haydn-Trio Eisenstadt, på plata «Scottish Songs for William Whyte, part 1.»

Høyr innspelinga her:

Eit mysterium

Det er framleis eit mysterium korleis skissene hamna i Noreg.

– Til Nasjonalbiblioteket kom det via Cappelens forlagsarkiv. Men korleis det hamna der, er foreløpig eit mysterium. Så vi får sette eit par detektivar på den jobben der, seier Norheim.

Han forklarar at det på Haydn si tid var vanleg at eksklusive manuskript endte opp hos privatpersonar.

– Frå byrjinga av 1800-talet langt fram mot 1900-talet så delte ein ut manuskript i aust og vest som relikviar til interesserte personar som gjerne ville sikre seg eit eksemplar signert meisterens hand. Og Haydn var meistrane sin meister, så desse skissene var nok etterspurde, seier Norheim.

Haydn-manuskript

Rullen som dei originale Haydn-skissene vart funne i, merka 'Haydn Lie' og 'Cappelen'.

Foto: Maren Kvamme Hagen

– Fantastisk

– Dette er heilt fantastisk, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein. Ho fortel at dei no vil offentleggjere funnet slik at det blir tilgjengeleg for Haydn-forskarar over heile verda.

Kvar dei sjeldne notane endar opp er enno ikkje avgjort, men dei kan vere på veg ut av landet igjen.

– Eg synest at det kanskje bør samlast med andre originalmanus av Haydn, til dømes i nasjonalbiblioteket i Wien, men det må diskuterast både med Cappelen og med kulturdepartementet, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Diskuter saka her!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.