Hopp til innhold

Pop-sjokk for operadiva

Då sopranen og verdsstjerna Renée Fleming spelte inn popalbumet «Dark Hope», møtte ho heilt andre utfordringar enn ho er vant til. Tirsdag kveld er ho både operasongarinne og popartist i Oslo Konserthus.

Renée Fleming i Oslo Konserthus

Renée Fleming syng i lag med Kringkastingsorkestret tirsdag kveld.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Renée Fleming held tirsdag kveld konsert i Oslo Konserthus i lag med Kringkastingsorkestret. På kveldens program står det ei rekkje operaarier – og tre poplåtar frå albumet «Dark Hope», som kom ut tidlegare i år.

Jobba med Strokes-produsent

Produsenten for «Dark Hope», David Kahne, har tidlegare produsert plater for band som The Bangles og The Strokes. Han jobba intenst for å tilpasse Flemings uttale til sjangeren.

– Han korrigerte meg heile tida, seier Fleming.

– Han sa eg ikkje måtte uttale orda så perfekt og korrekt, det måtte vere muntleg. Det var litt sjokkerande. På operascenen ville eg til dømes ha sunge «I want to», no måtte eg synge «I wanna».

– Fantastisk musikk

Fleming innrømmer at tenåringsdøtrene hennar i utgangspunktet kjende låtane betre enn henne.

Sjå henne fortelje om kva ho lærte under innspelinga:

Som å synge Mozart

Video FLEMING-FOV-161110-WW

Renée Fleming hadde forventa større fridom i uttrykket når ho song pop og rock enn elles, men det fekk ho ikkje av Kahne:

– Eg var overraska over disiplinen, seier sopranen.

– Kvar gong eg song litt friare, vrei produsenten seg i stolen og sa at det minte han om Las Vegas eller Broadway. Stilmessig var det som å skulle synge Mozart, ikkje fritt, rock- eller bluesaktig.

Du kan høyre låtar frå albumet og sjå videoen til Muse-coverlåten «Endlessly» på Renée Flemings heimeside.

Meir naturleg stemme

Fleming måtte legge ned stemma ein god del i forhold til sitt vanlege sopranrepertoar:

– Eg brukar ei heilt anna stemme når eg syng pop og rock, meir naturleg enn elles – stemmeleiet ligg omtrent der eg snakkar til dagleg, seier ho.

renee fleming som thais

Renée Fleming i tittelrolla som Thais i Jules Massenets opera.

Foto: Ken Howard / AP

Ikkje crossover

Renée Fleming er tydeleg på at ho ikkje ville lage eit crossoveralbum og mikse sjangrar – ho ønska å ta steget heilt ut.

– Crossover har blitt ein eigen sjanger no, med songarar som syng popmusikk med operastemme, seier Fleming.

– Eg prøvde verkeleg å bli ein pop- eller rocksongar då eg gjorde dette. Eg skulle ønske eg kunne gjennomføre ei spørjeundersøkjing og finne ut kor stor del av publikum som har følgt meg. Eg har inntrykk av at mange likar det, mens nokre er puristar.

Konserten i Oslo Konserthus blir sendt i P2 26. november.

Her kan du sjå heile intervjuet med Renée Fleming:

Video Intervju med Renée Fleming

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.