Meklinga mellom Fagforbundet og NHO har frist til midnatt natt til torsdag. Dersom partane ikkje vert samde innan då, vert det streik frå torsdag morgon.
Fagforbundet har varsla at dei vil ta ut 45 medlemmar i Oslo Kino AS, ni medlemmar ved Aurora Kino i Tromsø og sju medlemmar ved SF Kino i Stavanger og Sandnes.
– Ved Oslo kino vil ein streik føre til av vi må stengje fire kinoar, Klingenberg, Felix, Vika og delvis Gimle, seier Geir Bergkastet, administrerande direktør i Oslo Kino til NRK.
Programmet på dei andre Oslo-kinoane vil gå som normalt. Kva filmar som vert råka er enno uklart, og dersom det vert streik vil publikum finne informasjon på nettsidene til kinoen.
Kan råke Harry Potter-premieren
I Tromsø vil kinopublikummet kome til å merke ein streik.
– Det vil kunne føre til av vi må avlyse enkelte framsyningar dei neste dagane, seier Geir Martin Jensen administrerande direktør ved Aurora kino i Tromsø.
Kinodirektøren er like vel mest uroa for at streiken skal verte langvarig.
– Det mest dramatiske ville vere viss den skulle vare fram til neste fredag, då det er festpremiere på Harry Potter, og det vil ikkje verte populært viss vi må avlyse allereie utselde framsyningar på fredag, laurdag og søndag, seier Jensen.
Å stengje kinoen heilt er ikkje aktuelt, men det vil kunne påverke talet på framsyningar, frå dag til dag, alt etter kor langvarig streiken eventuelt vert. Jensen har likevel trua på at partane vil kome til semje før nokon vert tenke ut i streik.
– Slik eg ser det står ikkje partane så langt frå kvarande at det ikkje skulle vere mogleg å møtast.
Små utslag i Stavanger og Sandnes
Ved SF Kino i Stavanger og Sandnes vil det eventuelle steikeuttaket i første omgang ikkje få nokon konsekvensar for kinotilbodet. Dei fagorganiserte der har nemleg små stillingar, og skal ikkje på jobb med det første.
– Viss streiken varer til neste helg kan enkelte framsyningar gå ut. Men vi kjem uansett ikkje til å stengje kinoen, seier Frode Eikeland, sals- og driftssjef ved SF Kino i Stavanger og Sandnes.
Meklinga omfattar også tilsette i Norges Blindeforbund, Hero Norge og Flyktningestiftelsen. I alt har Fagforbundet varsla plassoppseiing for 433 medlemmar, men berre 61 vil verte tekne ut i første omgang.