Hollywood har kasta blikket på den norske filmen Trolljegeren. Fleire er interesserte i rettane til å vise filmen på kino i USA, men også for å spele han inn på nytt.
– Det hadde vore kjekt om norske troll kunne danke ut vampyrane som det store filmsubjektet, det neste året, seier produsent for Trolljegeren Sveinung Golimo.
Også andre amerikanske regissørar lagar no film om troll, og produsenten av Trolljegeren håper troll vil ta over for vampyrfilmane som har vorte svært populære dei siste åra.
Fleire troll-filmar på gang
I filmen Trolljegeren vandrar livredde menneske kvilelaust rundt i dei norske skogane. Filmen avslører at troll finst og at regjeringa held det hemmeleg for oss. Men det er ikkje berre nordmenn som er interesserte i troll om dagen.
Amerikanske DreamWorks lagar animasjonsfilmen Trollhunters, og den norske Hollywood-regissøren Harald Zwart jobbar også med eit prosjekt som handlar om troll.
– Vi har hatt ei heilt spesiell merksemd omkring denne filmen, på ei nivå vi aldri har opplevd tidlegare, seier Golimo.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
Troll det neste store?
Fleire aktørar i Hollywood ynskjer å lage sin eigen versjon av filmen, og medan andre kappast om rettane til å vise den norske filmen på kino i USA.
– Det er stor internasjonal interesse for troll, det finst ulike troll i ulike delar av verda, men no kjem dei originale norske trolla, og det vekkjer oppsikt, fortel Sveining Golimo.
– Hollywood leitar alltid etter det neste store, og vi kjem med noko stort no, som får mykje merksemd.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
Ny mytologisk verd
Filmkritikar i VG Jon Selås trur ikkje det er usannsynleg at troll dankar ut dei populære vampyrane.
– Eg trur ikkje det er eit fåfengt håp frå folka bak Trolljegeren. No er det lenge sidan troll har vore «in». Eg trur ikkje det er sjarmen det kjem til å gå på, eg trur heller det handlar om rein action, spår Selås.
Han peiker dessutan på at utviklinga i teknologien gjer moglegheitene for troll-filmar gode.
– Her har ein ei heilt ny mytologisk verd som dukkar opp, som ein lys idé. Det er sjeldan slikt gjer, og slikt kan ein lage filmar av, seier Jon Selås.
Den norske filmen Trolljegeren har premiere 29. oktober.