23.05.2012

Elevar fann 76 skrivefeil i lærebok

Tokke-elevar på besøk hos Språkrådet (Foto: Språkrådet)

Tokke-elevane på besøk hos Språkrådet.

Foto: Språkrådet

Sjetteklassingane ved Tokke skule i Telemark fann så mange skrivefeil i norskbøkene sine at dei laga eit Nysgjerrigper-prosjekt for å finne ut korleis det kunne skje.

– I boka står det; «skriv substantiva under i fleirtal», og der står det «ein dotter». Dette er ein grov feil for dotter er eit hokjønnsord og skal ha den ubundne artikkelen ei, fortel Olav Haugan Vindal.

Saman med klassekameratane ved Tokke skule i Telemark har han funne fram til heile 76 skrivefeil i norskbøkene. Det heile starta ganske tilfeldig, men har utvikla seg til eit stort prosjekt. Onsdag var dei i Oslo, der dei presenterte prosjektet for Språkrådet.

– Fyrste gongen fann vi eit par feil, og så tenkte vi at sidan vi fann så mange feil og ikkje hadde eit Nysgjerrigper-prosjekt i år, så ville vi lage eit prosjekt av dette.

Med Språkrådet på laget

Årets Nysgjerrigper

  • Årets Nysgjerrigper er ein forskingskonkurranse for barn, som vert arrangert kvart år.
  • Grupper på to eller fleire elevar frå barneskolen kan delta i konkurransen. Alle deltakarane mottek diplom og tilbakemelding frå juryen, medan ti prosjekt vinn prisar.
  • Norges forskningsråd starta tiltaket Nysgjerrigper i 1990, for å vise vise barn og unge at forsking er gøy.
  • Kjelde: Nysgjerrigper.no

Elevane fekk med seg Språkrådet på laget, og kom fram til fire hypotesar til årets Nysjerrigper-prosjekt. Dei ville teste kor mange feil dei kunne finne i norskbøkene Ord for alt 6 frå Cappelen Damm.

– Det vi trur at var riktig er nok hypotese nummer to, det at dei som skulle sjekke om alt var rett har gjort ein for dårleg jobb. Og så har det nok gått litt for fort å lage bøkene, trur Olav.

Dei splitter nye norskbøkene har vore under lupa i heile år. Og trass i at norsklærar for sjetteklassa, Gunstein Seltveit, syntest dette kunne bli eit noko traurig og tørt prosjekt, klarte han ikkje å stoppe elevane i jakta på nye feil i lærebøkene.

Konkurranse mellom feilfinnarene

– Det tok så av at eg fekk ikkje undervist, dei kom stadig opp med bøkene sine og meinte dei hadde funne feil. ”Her er det feil, og her er det feil”, fortel Seltveit.

– Stort sett var det ikkje feil, men dei lærte veldig mykje av det. Og ein del feil var det jo.

Elevane oppretta ein postkasse kor dei putta lappar der dei skreiv opp kva bok dei hadde funne feilen i, sidetal og kven som var feilfinnar.

– Til slutt måtte dei føre opp klokkeslett fordi det vart slik konkurranse om å finne feilen først, fortel lærar Seltveit.

Krev kvalitetssikring

Til slutt hadde elevane funne heile 76 feil. Funna til elevane vekkjer oppsikt og då dei presenterte funna sine for Språkrådet onsdag var både lokal- og rikspressa til stades. Også Noregs Mållag har fått med seg dei mange språkfeila i lærebøkene.

– Det er ein katastrofe at elevane skal ha lærebøker som har så dårlig språk, men samtidig er det veldig bra at elevane har teke tak i dette. Desse elevane bidreg til at andre elevar får betre språk i sine bøker, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård.

Han vil no ha ei kvalitetssikring av lærebøkene.

– Det som er viktig er at det ikkje er elevane sjølve som skal sikre at det er kvalitet i lærebøkene. Det er skuleeigar sitt ansvar, men det blir ikkje følgt bra nok opp og vi meiner at departementet og utdanningsdirektoratet også må ta eit ansvar.

Skal rettast

Trond Petter Hinrichsen, forlagssjef for grunnskoleavdelinga i Cappelen Damm, seier til NRK at dei tek språk på alvor. Slurvefeila som Tokke-elevane har oppdaga skal rettast opp i ei ny utgåve som kjem til hausten.

Men elevane sjølve er ikkje overtydde om at dei ikkje kjem til å finne nye feil.

– Vi skal ikkje ha det same prosjektet til neste år, men eg trur vi kjem til å finne nokre feil da også, seier Olav Haugan Vindal.

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Forlegger Arve Juritzen (Foto: Juritzen forlag)

– Vis meg en fullassortert, fysisk bokhandel. Jeg vet ikke hvor de finnes i dag, sier forlegger Arve Juritzen.

Foto: Juritzen forlag

– Forfattere har grunn til bekymring

Mangfoldet av bøker er allerede nå i ferd med å bli borte, mener forlegger Arve Juritzen.

Roy Jacobsen, Anne Oterholm, Vigdis Hjorth, Per Petterson (Foto: Knut Falch/Geir Vestad/Bokprogrammet/Berit Roald)

Vigdis Hjorth, Anne Oterholm, Roy Jacobsen og Per Petterson står sammen for bokens framtid.

Foto: Knut Falch/Geir Vestad/Bokprogrammet/Berit Roald

Frykter at litteratur blir borte

Flere kjente forfattere frykter framtiden for norsk samtidslitteratur, i et liberalt bokmarked.

Bee Gees Robin Gibb (Foto: SEBASTIEN PIRLET/Reuters)

Robin Gibb tapte kampen mot kreften. Han ble 62 år gammel.

Foto: SEBASTIEN PIRLET/Reuters

Robin Gibb er død

Sangeren Robin Gibb fra gruppen Bee Gees er død, 62 år gammel.

Harry Potter (Foto: Filmpolitiet)

Forskerne på en britisk universitets-konferanse mener Harry Potters erkefiende Voldemort, er en referanse til Hitler. Fra film-promoteringen til den siste av filmene – «Harry Potter og Dødstalismanene».

Foto: Filmpolitiet

Trekker linjer fra «Harry Potter» til nazismen

Forskere på verdens første Harry Potter-konferanse i Skottland, trekker linjer til nazismen.

Siste musikksaker

Elijah Wood, Johnny Depp og Harrison Ford (Filmweb)

Filmmusikken er ein viktig del av filmmagien, og Høgskolen i Lillehammer ønskjer å heve kvaliteten på norsk filmmusikk. Howard Shore skreiv musikken til Ringenes Herre-trilogien, Hans Zimmer til Pirates of the Caribbean-filmane og John Williams Indiana Jones-musikken.

Filmweb

Vil dyrke fram filmmusikk med norsk identitet

Filmmusikkens status er aukande, og Høgskolen i Lillehammer startar frå hausten nytt studium i praktisk filmmusikkomposisjon. – Det er viktig å skape ein norsk identitet innan filmmusikken, seier initiativtakar Halldor Krogh.

deLillos på Norwegian Wood (Foto: Andersen, Aleksander/NTB scanpix)

Vil du ha en litt uvanlig dag på jobb? Hva med å invitere deLillos til å holde konsert på ditt kontor?

Foto: Andersen, Aleksander/NTB scanpix

deLillos + deg = sant?

Tirsdag 5. juni spiller deLillos sesongens siste kontorkonsert i Oslo eller Akershus. Vil du melde på din arbeidsplass? Fortell oss hvorfor!

Booker T & Mgs (AP)

Donald Dunn var medlem i både Blues Brothers og Booker T & the MGs. Her er besetningen i sistnevnte band. Fra venstre: Al Jackson, Jr., Booker T. Jones, Donald 'Duck' Dunn, og Steve Cropper.

AP

Blues Brothers-bassist er død

Donald «Duck» Dunn var et av originalmedlemmene i Blues Brothers. Han døde 70 år gammel under en turné i Japan.

Siste underholdningssaker

norske aviser mobiltelefon nettaviser. (Foto: Solum, Stian Lysberg/NTB scanpix)

ILLUSTRASJONSFOTO: Fleire og fleire går over til mobiltelefonen som leverandør av nyhende.

Foto: Solum, Stian Lysberg/NTB scanpix

NRK veks mest på mobil

Bruken av mobiltelefon for å lese nyhende har eksplodert. Nye tal viser at NRK/Yr aukar med 31 % i dagleg dekning på mobil.

Dog TV (Ap)

Dog TV lanseres for å underholde menneskets beste venn mens eieren er borte. Her koser den franske bulldogen Bleu seg med litt god underholdning på den nystartede kanalen.

Ap

Bruker TV’en som hundepasser

Et amerikansk TV-selskap har laget en egen kanal som sender underholdning, spesialtilpasset ensomme hunder.