Ronnie James Dio, kjend frå band som Rainbow, Black Sabbath, Dio og Heaven and Hell, har hatt diagnosen magekreft sidan november i fjor.
Det var kona hans, Wendy Dio, som i dag stadfesta at mannen var død, etter at dukka opp rykte på Internett. Tidlegare 16. mai vart desse rykta avsanna, men i kveld kom stadfestinga på at den verdskjende tungrock-vokalisten var død.
- I dag er hjartet mitt knust. Ronnie døydde fredeleg kl. 07.45, etter at mange vener og familiemedlemer hadde fått sagt farvel til han. Ronne visste kor høgt elska han var, skriv ho på
.Ho ber samstundes om at familien får vere i fred nokre dagar slik at dei kan forsone seg med det store tapet. Ho ber også fansen hugse kor mykje Ronnie James Dio sette pris på tilhengjarane sine, og at musikken hans vil leve til evig tid.
Ronnie James Dio vart fødd 10. juli 1942 i Portsmouth, New Hampshire i USA under namnet Ronald James Padavona, blir de topplyst på Wikipedia.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: