- Eg representerer ikkje Israel

Den Oscar-nominerte regissøren Scandar Copti har skapt harme i heimlandet Israel med denne utsegna.
Publisert 10.03.2010 16:22.
- Kommentarer
- Skriv ut
Israel vart Oscar-nominert for tredje år på rad for beste framandspråklege film, i år med filmen Ajami. Også denne gangen måtte dei forlate festen utan å få den gjæve gullstatuetten.
Men i etterkant av Oscar-showet har ei utsegn frå ein av regissørane av filmen Ajami vakt harme. Filmen er laga med statleg stønad, men regissøren Scandar Copti sa i Hollywood at han trass dette ikkje representerer Israel.
- Filmen representerer teknisk sett Israel. Men eg representerer ikkje Israel. Eg er ein israelsk borgar, men eg kan ikkje representere eit land som ikkje representerer meg, sa Copti på veg inn til Oscar-utdelinga.
HØYR NRKs KORRESPONDENT SIDSEL WOLD RAPPORTERE OM SAKA: Israelsk filmbråk
Utsegnene til Copti har no vorte fordømde av den israelske kulturministeren. Kulturminister Limor Livnat sa også at det gjorde han trist at filmskaparen mottok statlege tilskot til filmproduksjonen, for så å kritisere sitt eige land.

Ei scene frå filmen 'Ajami', der regissør Copti også er med som skodespelar.
Foto: Inosan Production/Scanpix/APKommentarane til Copti vert sett på som ein stønad til dei mange arabiske innbyggjarane i Israel, som kjenner seg diskriminerte av dei israelske styresmaktene.
Ajami er ei historie om kriminalitet og vald i hovudsak arabisk slumområde i Jaffa, nær Tel Aviv. Scandar Copti regisserte filmen saman med jødisk-israelske Yaron Shani.
- LES ÒG: Bullock var best og verst i 2009
- LES ÒG: Juntaen i Burma frykter Oscar-pris
- LES ÒG: «The Hurt Locker» saksøkt av soldat
Delta i diskusjonen på nrk.no
Legg gjerne igjen en kommentar til artikkelen!
Vi oppfordrer deg til å:
- Vise respekt for andre, også de som er uenige med deg.
- Diskutere i en vennlig tone.
- Skrive kort.
Du kan kun kommentere i noen dager etter at artikkelen er publisert. Redaksjonen kan fjerne upassende innhold.

I Afghanistan



























