Hopp til innhold

- Aasheim gjorde rett i å gå

Redaktøren i Ukeavisen Ledelse, Magne Lerø, meiner Anne Aasheim gjorde rett i å trekkje seg. Men han seier samstundes at ei redaktørjakt er svært uheldig for Dagbladet.

Anne Aasheim
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

I føremiddag var det kjent at både sjefredaktør i Dagbladet, Anne Aasheim og kulturredaktør Peter Raaum trekkjer seg frå stillingane sine. Avisa har slite økonomisk i fleire år, og seinast i desember vart det kjent at Dagbladet seier opp 45 medarbeidarar utan sluttpakkar.

– At både Aasheim og Raaum trekkjer seg gjev sjølvsagt moglegheit til ein ny start for Dagbladet, men berre på symbolnivå, realitetane endrar seg ikkje, seier Arne Krumsvik, medieforskar ved Universitetet i Oslo.

– Gjorde rett i å gå

Magne Lerø

Redaktør i Ukeavisen Ledelse, Magne Lerø.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Trass i at Magne Lerø meiner at Aasheim sin avgang forverrar problema til Dagbladet, meiner han at det er viktig og sunt av leiarar å ta konsekvensen av situasjonen.

– Det er noko profesjonelt riktig i det Anne Aasheim gjer. Ho er ikkje skipperen som går i land når det blæs til storm, seier Magne Lerø.

Han trur at Anne Aasheim ikkje har kome vidare med strategien sin, og dermed tenkt at nokon andre bør overta.

Ikkje tillit hjå styret

Journalisten.no skriv no at kjelder i Dagbladet hevdar at sjefredaktør Anne Aasheim ikkje lenger hadde tillit hjå styret. Forholdet mellom Aasheim og eigarane skal ha vorte så dårleg at ho ikkje syntest ho kunne halde fram.

Styreleiar Tore Stangebye, dagleg leiar Terje Wibe, Jan Lindh, styremedlem i både Dagbladet og eigaren Berner Gruppen, og konsernredaktør John Arne Markussen skal i vinter ha hatt samtalar om tiltak som kunne betre situasjonen til Dagbladet. Dei skal også ha vurdert ei omlegging av den redaksjonelle profilen og satsingsområda.

Desse møta skal ha skjedd utan at Aasheim var informert. Det vert no hevda at dette er den direkte årsaka til at sjefredaktør Anne Aasheim i dag informerte om at ho går av.

Dagleg leiar Terje Wibe kjenner seg ikkje igjen framstillinga, og uttaler til Journalisten at Aasheim har vore involvert når ein har diskutert redaksjonell profil.

Jakt på ny redaktør

Slik Magne Lerø ser det har styret til Dagbladet to løysingar når det gjeld rekruttering av ein ny sjefredaktør. Anten må styret leggje ein strategi, som Dagsavisen no er i ferd med å gjere, eller at dei tilset ein ny redaktør som får utvida fullmakter til å utvikle avisa.

Anne Aasheim

Etter at sjefredaktør Anne Aasheim trekte seg i dag, må Dagbladet ut på redaktørjakt.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Også ansvarleg redaktør Knut Kristian Hauger i Kampanje meiner ei ny redaktørjakt er uheldig, og at det tek fokus frå andre ting ein heller burde ha jobba med.

– Dagbladet har store utfordringar, og det er ikkje lett å være nr. 2-avis i ein marknad for laussalsaviser som er under kraftig press for tida, seier ansvarleg Hauger til NRK.

Framleis dagsavis?

Arne Krumsvik seier også at det ikkje er uvanleg at leiarane går av i tilfelle der det har oppstått eit sprik mellom forventingane dei har skapt, og kva dei har klart å innfri.

– Dagbladet kjem til å vere i den same situasjonen i morgon som dei er i dag, dette endrar ikkje den vanskelege situasjonen Dagbladet er i. Ein person kan ikkje kome inn og snu alt no, det er ikkje mogleg, seier Arne Krumsvik.

Dagbladet kan framleis verte meir kostnadseffektive, men dei kjempar mot medieutviklinga, meiner Arne Krumsvik. Han ser det som ei moglegheit Dagbladet kanskje kuttar søndagsavisa, dersom dei siste tiltaka ikkje fungerer.

– Forretningsmodellen til Dagbladet er at dei skal vere ei dagsavis. Dersom dei skal kutte ned på dette må dei verte ei heilt anna avis. Ei annan type avis kan ein ikkje drive på kommersiell basis. Viss det hadde vore eit alternativ ville Dagbladet ha hoppa på det for lenge sidan, trur Krumsvik.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.