- Når aldri målet

- Giske leikar med tal når han meiner at han nærmar seg ein prosent av statsbudsjettet til kultur, meiner kulturforskar Georg Arnestad
Publisert 13.08.2009 08:10.
- Kommentarer
- Skriv ut
Gjennom handlingsplanen Kulturløftet, sette den raudgrøne regjeringa seg som mål i 2005 å løyve 1 prosent av statsbudsjettet til kultur innan 2014.
Målet blei gjenteke som berebjelken i kultursatsinga då den nye handlingsplanen, Kulturløftet II, blei lagt fram onsdag.
- Les òg: Giske nøgd med eigen innsats.
Kulturminister Trond Giske meiner han så langt har nådd 0,86 prosent av statsbudsjettet - men då er statens lån og petroleumsrekneskapen uteletne.
Andre måtar å rekne på gir langt lågare tal, seier kulturforskar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Trond Giske la fram Kulturløftet II onsdag.
Foto: Solum, Stian Lysberg/SCANPIX
Kan vere berre halvvegs

Trond Giske la fram Kulturløftet II onsdag.
Foto: Solum, Stian Lysberg/SCANPIX- Dersom vi ser på det som Finansdepartementet kallar statsbudsjettet, blir talet annleis. Då har ikkje Giske kome lenger enn til 0,64 prosent av statsbudsjettet.
Med ein annan reknemåte, kan det reelle talet i følgje Arnestad vere endå lågare.
- Ser vi på talet som Statistisk sentralbyrå nyttar, som inkluderer Folketrygda som ein stor statleg utgiftspost, så har ikkje Giske meir enn 0,51 prosent.
Usemje sidan 2005

Kristin Halvorsen, SV.
Foto: Bendiksby, Terje/SCANPIXMen finansminister Kristin Halvorsen avviser at dei to departementa har ulike måtar å rekne budsjett på.
- I definisjonen av korleis vi bereknar kva som er Kulturløftet, er Finansdepartementet og Kulturdepartementet heilt samde.
Kulturminister Trond Giske meiner også det har vore full semje. Men allereie før valet i 2005 var det diskusjon blant dei komande regjeringspartnarane om kva denne prosenten skulle innebere.
Dåverande leiar i Senterpartiet, Åslaug Haga, meinte kulturprosenten berre skulle løyvast over Kulturdepartementet sitt budsjett, medan Ap og SV meinte at denne prosenten skulle løyvast over alle departementa sine budsjett.
- Leik med tal

Olemic Thommessen, Høgre.
Foto: Høyres HovedorganisasjonKulturpolitisk talsmann i Høgre, Olemic Thommessen, er ikkje overraska over kulturministeren sin leik med tal.
- Det er noko han har halde på med sidan han fann opp denne eine prosenten til kultur. Utgangspunktet må vere kulturlivets behov, ikkje kva som er statsbudsjettets volum.
Med dei alternative reknemåtane kjem altså prosentandelen som går til kultur ned i 0,64 og 0, 51 prosent.
Dette er så godt som samme andel av budsjettet som Bondevik 2-regjeringa nytta på kultur i 2005.
Trond Giske meiner likevel at han har gjort meir for kulturen enn tidlegare regjeringar.
- Realveksten i 2009 er dobbel så stor som dei fire åra under Bondevik til saman.
- Som å springe etter bussen

May-Helen Molvær Grimstad, KrF.
Foto: Falch, Knut/SCANPIXMen leiar i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, May-Helen Molvær Grimstad frå KrF, meiner dagens kulturminister berre har bygd vidare på opptrappinga som Bondevik 2-regjeringa starta.
- Dei må slutte å hovere, vi la eit godt grunnlag med auka satsing på kultur. KrF har i tillegg støtta kvar ei krone som har blitt foreslått av dagens regjering til kultur - vi har til og med foreslått meir på statsbudsjettet.
Kulturforskar Georg Arnestad synest regjeringa bør skrinleggje einprosentmålet. Han meiner ein slik prosentsats er nesten umulig å gjennomføre.
- Det blir som å springe etter bussen. Giske spring fortare medan bussen aukar tempoet. Eg trur ikkje dette er eit realistisk mål å nå med dei utgiftene staten har i vente dei neste åra.
- Dristig og taktisk

Magne Lerø, redaktør i Ledelse.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold/SCANPIXRedaktør i vekeavisa Ledelse, Magne Lerø, seier at det er for tidleg å seie at Giske aldri vil nå målet.
- Det kan ta lengre tid enn fire år, det vil avhenge av kva regjering vi får etter valet. Men det er ikkje tvil om at Giske, trass i ein del kontroversar, har kjempa som ei løve for meir midlar til kulturen.
Lerø meiner Giske legg opp til ein dristig strategi, men at han kan nytte det konkrete einprosentmålet vidare til å utfordre dei andre partia på kultursatsing.
- Han legg heilt klart hovudet på blokka. Men nokon gongar er det positivt at politikarar vågar å lansere eit mål, i staden for å bli generelle.
(NRK)Stortingsvalget 2009
- Stortingsmandater på vandring
- Kongen åpnet det 155. storting
- OSSE kritisk til norsk valgordning
- PølseHanssen blir PR-mann
- Store forventninger til Kristin
- Beskyldte Stoltenberg for løgn
- Trist at kontantstøtten forsvinner
- – Helga Pedersen ut av regjeringen
- Regjeringen utsetter oljeavgjørelse
- Mo vil til bunns i valgkaoset
- Stenger nettside med valgresultat
Regjeringen Stoltenberg 2005 - 2009
- Politisk thriller frå regjeringa
- - Giskes bil råkjørte
- Vil godta private helse-løysingar
- Trist at kontantstøtten forsvinner
- – SV vinner bistandskampen
- Her spiller Jens miljøtrumfen
- Innfører strengere grensekontroll
- Storberget vil ha ny innsatsstyrke
- Tøft fattigdomsarbeid gjenstår
- - Når aldri målet
- Ledighetskrisen avblåst

I Afghanistan



























