Her er det nye kulturrådet

Bentein Baardson er ny leiar for Norsk kulturråd.
Foto: MARIT HOMMEDAL/ScanpixDei ti nye medlemmane i Norsk kulturråd vart presentert av kulturminister Trond Giske i dag.
Publisert 26.06.2009 13:12.
- Kommentarer
- Skriv ut
8. mai i år informerte kulturminister Trond Giske at Norsk kulturråd skulle endrast frå 13 til 10 medlemmar. Dessutan skal regjeringa no peike ut alle medlemmane sjølve, og rådet vert oppnemnt av Kongen i Statsråd.
Norsk kulturråd deler i 2009 ut 386.5 millionar kroner til norsk kulturliv, og er den største statlege støtteordninga for både musikk, litteratur, scenekunst og billedkunst.
LES MEIR OM KVA ENDRINGANE GÅR UT PÅ: Vil utnemne heile Kulturrådet sjølv
LES ÒG: Baardson om utnemninga
«Det som er spesielt no er at kunstnarane er i fleirtall i dette rådet og det er historisk. Det tyder også at det vert ei spenstig, ny og dynamisk samling å vere med i.
»
Bentein Baardson
Det nye kulturrådet vart oppnemnt av Kongen i Statsråd i dag, og er frå 1. juli sett saman slik:
Faste medlemmar:
- Bentein Baardson, (f. 1953), leiar. Skodespelar og regissør, tidlegare teatersjef.
- Asta Busingye Lydersen (f. 1970), nestleiar. Skodespelar, songar, journalist.
- Aslaug Juliussen (f. 1953). Biletkunstnar, kunsthandverkar.
- Vegar Snøfugl (f. 1971). Musikar, dagleg leiar Trondheim kammermusikkfestival.
- Arnfinn Bjerkestrand (f. 1960). Musikar, deltek i Rockheim-etableringa.
- Ivar Roger Hansen (f. 1955). Dirigent, musikkpedagog, dagleg leiar av Petter Dass-museet.
- Ottar Grepstad (f. 1953). Forfattar, leiar av Nynorsk Kultursentrum.
- Ingrid Lorentzen, (f. 1972). Ballettdansar.
- Solveig Øvstebø (f. 1948). Kunsthistorikar, kurator, intendant for Bergen Kunsthall.
- Erik Fosnes Hansen (f. 1965). Forfattar.
Varamedlemmar:
- Frøydis Moberg (f. 1979). Artist, dagleg leiar BRAK.
- Corinne Lyche Campos (f. 1968). Dansepedagog.
- Eivind Falk (f. 1964). Dagleg leiar for Norsk Handverksutvikling på Maihaugen.
- Harald Solberg (f. 1954). Kunsthandverkar, direktør for Bomuldsfabrikken Kunsthall i Arendal.
Giske varsla i mai at fleire av rådet sine medlemmar sjølve skulle vere utøvande kunstnarar, eller ha ein kunstfagleg kompetanse.
Det ser ut til at dette har vorte følgt i utnemninga av det nye kulturrådet, dei fleste medlemmane har bakgrunn som utøvande kunstnarar innan musikk, teater, kunst, litteratur og dans. Nokre av medlemmane har kunstfagleg utdanning.
Kva synest du om samansetjinga av det nye kulturrådet? Sei di meining her!

I Afghanistan



























