Sommarjazz i øyra

Få tips til dei beste jazzplatene, som gjev deg ro i sjela.
Publisert 07.07.2009 13:54.
- Kommentarer
- Skriv ut

Veit du ikkje heilt kva musikk du skal fôre øyre og sinn med i ferien? NRK sin jazz-meldar Erling Wicklund gjev deg sine sommarjazz-anbefalingar.

Jazz-meldar Erling Wicklund veit kva du bør lytte til i sommar.
Foto: Anikken Sunde/NRKFersk jazz
Om du vil ha noko nytt og friskt kan desse fem anbefalingane frå det siste halvåret vere noko for deg.
Legendariske John Coltrane vert heidra av saksofonist-sonen Ravi Coltrane med plata 'Blending Times'. Ravi Coltrane er ute med sin femte CD sidan debuten for ti år sidan. Han summerer opp den moderne jazzsaksofon-tradisjonen som faren John Coltrane skapte.
- Ravi Coltrane spelar virtuost, varmt og uttrykksfullt saksofon utan stjernenykker, og er konsekvent lojal og sjenerøs mot medspelarane, seier Wicklund.
Trondheim Jazzorkester/Erlend Skomsvoll samanfattar 100 års jazzhistorie på plata 'What if?'. Det er eit ”kontrafaktisk” eventyr-samspel med all verdas annan musikk gjennom same tidsrom.
Nye favorittar
- Ravi Coltrane – ”Blending Times”
- Trondheim Jazzorkester/Erlend Skomsvoll – ”What if?”
- Jørn Øien/Moment – ”Paradiso”
- Petter Wettre og KORK – ”Fountain of Youth –Live!”
- Helge Iberg/Elin Rosseland – ”Standards and Vanguards”
Narvik-pianist Jørn Øien sine komposisjonar er som eit referat av viktige musikalske utsegner i vår tid, og titlane er nøkkelen til å forstå kva for nokre. På CDen ”Paradiso” av Jørn Øien/Moment får ein storarta musisering i svært ulike uttrykk og stemningar.
«Kort sagt eit musikalsk heksebrygg.»
Erling Wicklundom ”What if?”

Petter Wettre på Kongsberg Jazzfestival i 2008.
Foto: unknownPå Kongsberg Jazzfestival i 2008 framførte komponist Petter Wettre og Kringkastingsorkesteret (KORK) 'Fountains of Youth”, denne konserten kan du no høyre på CD.
Helge Iberg/Elin Rosseland sin CD 'Standards and Vanguards' er ein musikalsk gjetteleik der samtid utfordrar fortid, og der sjangergrenser vert oppheva eller utnytta til å setje gammal musikk i nytt lys.
Favorittar gjennom tidene
I år er det 50 år sidan innspelinga av John Coltrane si plate ”Giant Steps”, men den er like sterk som i 1959, meiner Wicklund. Jazzens store utfordring
Det var også i 1959 at Billie Holiday døydde. Dei i særklasse beste innspelingane hennar finn du på den sjeldne plata ”The greatest interpretations of Billie Holiday” (Commodore, Japan).
Aktuelle klassikarar
- John Coltrane – “Giant Steps”
- Billie Holiday – “The greatest interpretations of Billie Holiday” (Commodore, Japan)
- Bjarne Nerem – “60 ikke tidligere utgitte innspillinger”
- Miles Davis – “Kind of Blue”
- Louis Armstrong and His All Stars – “Louis Armstrong plays W. C. Handy”
Oslo Jazz Circle og Gemini Records sitt grave-samarbeid har funne tidlegare uhøyrde jazzhistoriske skattar, frå mellom anna Sveriges Radio sine opptaksarkiv. Opptaka finn du på CDen Bjarne Nerem - ”60 ikke tidligere utgitte innspillinger”
Nok et 50-års jubileum er jazzklassikaren "Kind of Blue" med Miles Davis.
«Her får du ein lyrisk Miles, med ein eksplosiv John Coltrane, sprudlande Cannonball Adderley og tenksam Bill Evans – full pakke!»
Erling Wicklundom "Kind of Blue"
”Louis Armstrong plays W.C. Handy” er Louis Armstrongs beste, men altfor sjeldan høyrde studioinnspeling fra 1954. Trombonist Trummy Young riv ned huset, klarinettist Barney Bigard trillar perler og vokalist Velma Middleton utfordrar Satchmo på det grovaste.

Louis Armstrong er ei av Wicklund sine anbefalingar.
Foto: Børretzen, Sverre A./SCANPIX
- Kva er dine jazz-favorittar? Del tipsa dine med andre musikkelskarar her!

I Afghanistan



























