Coca-Cola vil ha Irving-forklaring

David Irving fekk stor mediemerksemd under opphaldet i Noreg.
Foto: MARKUS LEODOLTER/AFPBrusgiganten annonserer tungt på TV2, og reagerer på kanalens sponsing av den kontroversielle forfattaren.
Publisert 28.05.2009 08:16.
- Kommentarer
- Skriv ut
Mandag kom det fram at TV2 hadde sponsa reise og opphald for David Irving, for å intervjue han i programmet Tabloid.
I Oslo var det store demonstrasjonar då forfattaren, som er kjent for å ha fornekta Holocaust, kom til TV2-huset.
No reagerer også Coca-Cola, ein av TV2s største annonsørar.
Verdas største brusprodusent vil ha eit møte med TV2 for å få klarlagt kanalens redaksjonelle vurderingar.
- Handlar om merkevarebyggjing

Stein Rømmerud i Coca Cola Norge.
Foto: Coca-ColaHan presiserer at Coca-Cola ikkje kjem til å boikotte TV2, eller leggje føringar på innhaldet til kanalen.
- Vi er ein fleirkulturell arbeidsplass, og har sjølvsagt notert oss denne saka. Vi vil ta den opp med TV2, men vi endrar ikkje marknadsplanane våre utan å ha dialog med TV2 først.
- Kvifor er det viktig for Coca-Cola å ta denne samtalen?
- Vi er veldig medvitne kva medier vi marknadsfører oss i, dette handlar om merkevarebyggjing.
- Villspor

Trond Blindheim, rektor ved Markedshøyskolen.
Foto: MarkedshøyskolenRektor ved Markedshøyskolen, Trond Blindheim, meiner Irvings besøk i Norge hadde stor nyheitsverdi, og at det er heilt vanleg at tv-stasjonar betalar reiseutgiftene til gjestane sine.
- Her er Coca-Cola på eit formidabelt villspor. Det er ikkje slik at ein marknadssjef i TV2 eller ein av annonsørane kan leggje seg opp i den redaksjonelle linja til eit medium.
- Men er det ikkje greitt at Coca-Cola ber opp eit møte?
- Nei, det synest eg er det dummaste eg har høyrt. Vi har ei grunnlov i dette landet som stadfestar at det er ytringsfridom for alle. Mediene er ikkje først og fremst til for å overbringje ein kommersiell bodskap frå aktørar som Coca-Cola.
- Ingen følgjer for Tabloid

Marianne Røiseland, informasjonssjef i TV2.
Foto: Bjørn Erik Larsen/Bjørn Erik LarsenInformasjonssjef i TV2, Marianne Røiseland seier at TV2 ikkje kan la annonsørar bestemme over innhaldet.
- Vi snakkar med dei fleste vi. Men vi kan nok ikkje leggje veldig stor vekt på kva ein annonsør meiner.
Røiseland vil ikkje spekulere i korleis kontroversen rundt Irving-sponsinga påverkar kanalen.
- For det redaksjonelle innhaldet i Tabloid får det nok ingen følgjer.
- Men for TV2?
- Det vil eg ikkje gå inn og spekulere i.
NRK har snakka med ei rekkje av TV2s annonsørar. Dei ønskjer ikkje å kommentere TV2s redaksjonelle avgjerd om å intervjue David Irving.
(NRK )Lenker
Irving til Lillehammer
- NHO anbefalte å betale David Irving
- Coca-Cola vil ha Irving-forklaring
- Rica-hotell betalte Irving 46.000
- David Irving reiste hjem
- - Overrasket over TV 2
- Ber folk skru av TV 2
- TV2 betalte reisen for Irving
- Sjølvlærd og kontroversiell
- Demonstrerte mot Irving
- David Irving gir god festival-PR
- Varsler demonstrasjoner mot Irving

West Side Story, Kilden 2012



























