Politkovskaja-film til Norge

For første gong skal filmen "Brev til Anna" visast i Norge. Det skjer på ein ny festival for film om menneskerettar.
Publisert 25.11.2008 10:49. Oppdatert 25.11.2008 14:34.
- Kommentarer
- Skriv ut
Dokumentarfilmen er eit portrett av den russiske journalisten Anna Politkovskaja, som vart drepen for to år sidan.
I "Brev til Anna" følger vi journalist Anna Politkovskaya i åra før ho vart skoten og drepen 7. oktober 2006. Vi følger også familien hennar etter drapet. Her fortel dotterat Vera at mora har overført noko av det viktigaste for menneska til henne - jakta på sanninga.
Måtte lage filmen
- Eg vart ikkje overraska då eg høyrde at ho var drepen. Eg vart sjokka, men ikkje overraska, seier regissør Erik Bergkraut til NRK Kulturnytt.

Den russiske journalisten Anna Politkovskaja vart drepen for to år sidan.
Foto: Claudio Bresciani/SCANPIXDen sveitsiste filmskaparen Erik Bergkraut starta med å filme historier om tsjetsjenarane. Men etterkvart hadde han så mange opptak med russiske Anna, at han kunne fortelle historia om ein journalist han kallar eineståande modig. Ein journalist som jakta på sanninga om krigen i Tsjetsjenia. Filmen "Brev til Anna" går langt i å seie at mordet var bestilt av den russarvennlege tsjetsjenske presidenten Ramzan Kadyrov.
- Etter at ho vart drepen følte eg meg forplikta til å lage "Brev til Anna", seier Bergkraut.
Jaktar på sanninga
Rettssaka mot nokre av dei involverte i drapet på Anna Politkovskaja starta i Moskva førre veke. Men retten stiller ikkje dei faktiske drapsmennene eller dei ansvarlege til ansvar. I rettsalen sit dottera og sonen. Sidan regissør Erik Bergkraut framleis følger familien med kameraet seier han til NRK at det kan bli enda ein film om temaet.
- Dei vil ikkje gje seg før sanninga om kven som drepte mora kjem fram, seier Bergkraut.
Sjå traileren til filmen her
Ny filmfestival
"Brev til Anna" er ein av filmane som skal visast på "Human Rights, Human Wrongs", ein nyoppstarta filmfestival i Oslo som tek føre seg menneskerettane.
Arrangør Sara Prosser ønsker at festivalen skal føre til diskusjon om ytringsfridom og undertrykking.
- Det er veldig få stader ein kan gå og både bli informert, inspirert og ha moglegheita til å diskutere. Film som medium er særskilt bra til å inspirere, seier Prosser til NRK.
På tide

Festivalen gir et gjensyn med 6 av Erling Borgens dokumentarer.
Foto: NRKDokumentarist Erling Borgen har et eget RETROSPEKT-program og får vise 6 av sine filmer på festivalen.
- Det er fantastisk at Norge får en slik festival som utelukkende fokuserer på menneskerettigheter, et av de store spørsmål i vår tid. Mange andre land i verden har slike festivaler, på tide at vi får det her i Norge også, sier han til NRK Kulturnytt.
Borgen mener at en slik festival har livets rett i Norge.
- I en tid hvor stadig færre klarer å stave ordet solidaritet, bør både myndigheter og filmfond legge til rette for at denne festivalen lever videre de neste årene.

West Side Story, Kilden 2012



























