Hopp til innhold

Nedtur med Jarle Klepp

Jarle Klepp, Tore Renbergs hovudperson i to romanar, opplever at det er hardt å vere mann i tredje roman som har fått tittelen ”Charlotte Isabel Hansen”.

Tore Renberg
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Det opnar lovande. Jarle er no 25 år, og litteraturstudent i Bergen. Han er blitt ein kul, svartkledd intellektuell med glattbarbert sveis, bråvakker dame og eit temmeleg oppblåst ego som blir flittig massert av miljøet på universitetet og ikkje minst av den svenske professoren som har snakka med sjølvaste Derrida.

Lotte landar

Vi anar raskt at dette er ein posisjon Jarle må plukkast ned frå for at det skal bli litteratur av det. Og det skjer ganske tidleg i romanen og med renbergsk sans for dramatikk:

Plutseleg ein dag får han vite per brev at samleiet han hadde på ein uvanleg våt fest i romanen ”Mannen som elsket Yngve”, bar frukter. Frukta heiter Charlotte Isabel Hansen, og landar på Flesland om fjorten dagar, for mor skal ei veke til Syden. Dessutan vil barnet fylle sju år mens ho er i Bergen. Det er klart slike brev gjer noko med ein ung mann.

”En uke? Et barn? Her? I en hel uke? Han hadde åndenød, han kjente hvordan livet ramlet sammen, og han kjente hvor gnistrende forbanna han var på denne sinnssyke dama som plutselig hadde valgt å trenge seg inn i livet hans, først ved å gi ham en snart syv år gammel datter, og så ved å si at hun var på vei, så å si rett rundt hjørnet, og at hun skulle være der, hos ham, i en hel uke. Hva var det hun tenkte med? En ert?”

Kulturkollisjon

Men Lotte kjem, med my little pony under armen og vil ha prim på loffen og godnatthistorier på senga. Kulturkollisjonen mellom Jarle og Lotte er riktig underhaldande - ei stund. Men det er noko som ikkje fungerer heilt i denne romanen, og eg har lurt svært på kva det er, for mykje er jo bra, formuleringskunstene, drivet i handlinga, dei sterke emosjonane, tidsbildet,- alt er der, men noko skurrar stadig kraftigare.

Der ”Mannen som elsket Yngve” var morosam, er ”Charlotte Isabel Hansen” parodisk. Der ”Kompani Orheim” var gripande, er ”Charlotte Isabel Hansen” sentimental. Der dei to andre bøkene var visuelle, tangerer denne manus i ein slap-stick-komedie. Ikkje eit vondt ord om verken parodiar eller sentimentalitet eller slapstick i og for seg, men her tek det brodden av historia.

Smør på flesk

Dessutan: der forteljaren i Kompani Orheim levde seg inn i og stod ved Jarle og dei andre, er forteljaren her ein snusfornuftig betrevitar som har oppdaga at ungdommen i vår tid ikkje blir vaksne, at barna ikkje blir behandla som dei burde og at akademikarar er nokon jålete åndssnobbar fjernt frå det verkelege livet. Men alt dette har jo lesaren allereie fått med seg gjennom handlinga! Det blir overtydeleg og dobbelt opp og smør på flesk. Når så alle medverkande til slutt forsoner seg i verdas beste barnekarnevalbursdag, ja, då har vi forlatt slap-sticken og er tungt inne i sjangeren amerikansk romantisk komedie, kjent frå film og TV. Det er berre å håpe at Renberg gir Jarle Klepp oppreising i neste roman.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad