Pike med perleøredobb
Tracy ChevalierEg hadde ikkje lese meir enn fem sider av romanen til Tracy Chevalier før eg måtte ta turen bortom bokhylla der eg visste at eg hadde ståande ein katalog med alle dei omlag tretti bilda som ein kjenner av målaren Johannes Vermeer.
Publisert 16.06.2003 12:01.
- Skriv ut
Porselenbyen Delft
Året er 1664. Vi er i Hollands porselenby, Delft. Det er den amerikanske suksessforfattaren Tracy Chevalier som opnar døra inn til kjøkkenet hos familien til flisemålaren, der ei av døtrene held på å kutte grønsaker til middagen. Familieforsørgaren har vore utsett for ei eksplosjonsulukke og er blitt blind. Og han må no sende dottera, Griet, ut i teneste for at familien skal klare seg. Eit framand par er på vitjing. Vi får vite at kvinna heiter Catharina, men mannen, som nysgjerrig ser på korleis Griet legg grønsakene i ein sirkel sortert etter fargane, fortel ikkje namnet sitt.
Byen dukkar opp
På neste side dukkar eit nytt bilde opp på netthinna. Av faren blir Griet minna om eit bilde som hang på utstilling i Rådhuset for nokre år sidan. "Utsikt over Delft" var tittelen på det. I forgrunnen er vi på ein sandbanke ved ei elv, eller kanskje ein brei kanal, der husa kastar mørke skuggar ned i vatnet. Enkelte av husa har sol på seg, sol som trenger ned gjennom skylaget i den typiske hollandske, høge himmelen. Og det stemde. Forfattaren hadde skildra det første bildet eg hadde i Vermeer-katalogen.
I huset på Oude Langendijck
Bildet som har gitt tittelen til denne romanen, blei måla av Vermeer i perioden 1665-66. Griet blir den i tenarstaben som blir sett til å gjere reint i atelieret til målaren. Og det gjer ho med den største varsemd. Må ho flytte på noko, for å fjerne støv, målar ho nøyaktig med fingrar og hender, kvar tinga ligg. Men ein gong dristar ho seg til å forandre litt på posisjonen til ein blå duk som var med i eit portrett han held på å lage. Målaren spurde kvifor ho hadde gjort det. Og Griet, som hadde vore livredd for at han skulle bli sint, svarte at ho meinte at den blå duken måtte ligge meir uryddig i faldane for å skape ein kontrast i portrettet. Ho sukka letta då ho høyrde meisteren mumle at han aldri hadde trudd han skulle lære noko om målarkunsten av ei av sine tenestjenter.
Griet får stadig nye arbeidsoppgåver. Ho er med å lage fargar, og ho går ærend til apotekaren for å kjøpe varer målaren treng. Og vi skjønar tidleg at det er Griet som skal kome til å sitje som modell for "Piken med perleøredobb".
Det kjem til å oppstå mykje dramatikk omkring dei små perlene. Den mest alltid gravide frua i huset, Catharina, ser ikkje alltid med blide auge på Griet.
Kunst og miljø
Målarkunsten og bilda som dansar fram på netthinna frå denne teksten var, for meg, den vakraste delen av romanen. Men vi får også ein fint teikna miljøreportasje frå Holland på 16.hundretalet i Tracy Chevaliers nye roman (som også snart er klar for filmlerretet).
Det avgjerande punktet
Der er mange sitrande augneblinkar i forholdet mellom kunstnaren og Griet:
"Du vet", mumlet han, "at maleriet trenger det, lyset som perlen reflekterer. Det blir ikke helt uten". Griet ser straks at han har rett. Bildet blir ikkje heilt dersom ho ikkje går med på å ta øyredobben på. Noko som er unaturleg for ein frå tenarskapet. Men målaren får henne faktisk til å ta på begge to, sjølv om berre den eine synes på portrettet.
Pike med perleøredobbTa turen til Haag
Reproduksjonar i kunstbøker kan vere gode. Men dei gir alltid berre ein bleik avglans av originalbildet. No blir eg nødt til å ta turen til Mauritshuis i Haag der dette portrettet heng. Nettopp for å sjå om den kvite fargen i øyredobben vil gi meg den same gåsehuda som den kvite fjøra i Rembrandts bilde, "Nattevakten" gjorde i Amsterdam. Les du denne boka av Tracy Chevalier trur eg du får lyst på ei Hollandsreise du også.
Harald Overå

I Afghanistan


























