Nøkkeloverrekking i Operaen

Direktør Bernt Bauge og operasjef Bjørn Simensen fekk i dag overrekt nøkkelen til den nye operaen av kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Publisert 04.04.2008 13:13. Oppdatert 04.04.2008 18:08.
- Skriv ut
Byggherren Statsbygg stilte det nye operahuset til disposisjon frå klokka to.
NETT-TV: Operaen får god kritikk
Alle som kan ærast for at den kvite marmorprakten er reist i løpet av dei siste fem åra, var til stades under overrekkinga.
- Like flott som Sidney
Nøkkelen passerte fleire hender før operasjef Bjørn Simensen sto med det synlege beviset på at han no er sjef i nytt operahus, ein bygning som ifølgje arkitektfirmaet Snøhetta er ein av dei fem mest krevjande bygningane som er reist dei siste åra i heile verda.
- Då Snøhetta vann arkitektkonkurransen var det mange som hadde ambisjonar om at det nye operabygget i Bjørvika skulle verte like flott som bygget i Sidney. Det har det vorte, sa Giske og synte til svært rosande omtale i fleire store utanlandske medie.

I går vart det også klart at Operaen vert rimelegare enn ein venta.
Lang opningsfest
Når Operaen opnar dørene i morgon, betyr det startskot for ein 70 dagar lang opningsfest.
Representantar for det offisielle Noreg med kongeparet i spissen vil okkupere mesteparten av dei nesten 1.400 plassane i Store sal under opningsgallaen 12. april.
Fyrst sundag 13. april er det ope hus, der publikum blir vist rundt i bygget.
(NRK, NTB)Lyd og video
Lenker
Ny opera i Oslo
- Boye Hansen blir ny operasjef
- Forsvarer granitten fra Rennebu
- Operaen ikke for funksjonshemmede
- Skvises ut av operaen?
- Ingen jobb å få ved operaen
- Hedres for mange års opera-kamp
- - Marmoren må trolig byttes ut
- Operaen kan gjøre deg snøblind
- Merkel lei maset om operakjolen
- Sjå det fantastiske fyrverkeriet!
- Nøkkeloverrekking i Operaen

Punkutstilling




























